Klassisk bringeklut, men likevel spesiell med brei bord oppe med perlebroderi av blå, kvite og gull stråperler, samt små kvite perler på raudt ullstoff som måler 9,5 x 6 cm. Motiv er 8-bladsrose og greske kors. Fløyel i overkant og svart stoff med striper under det raude feltet. Dei rombemønstra sidefelta er bretta over mot fôret av blå/kvitruta bomullsstoff. Bringekluten er montert for hand og måler 19,5 x 18,5 cm. Den 33 cm lange, moderne strikken tyder på bruk til barn i nyare tid.
lørdag 30. september 2017
onsdag 6. september 2017
Herresokkar av fleirfarga garn
Øverst har sokkane eit 11 cm ubleika felt, av dette er 6 cm vrangbord (2 rette og 1 vrang) deretter er det strikka med "flammegarn" i raudt og svart. Hæl og tå er av einsfarga ubleika garn. All auking og felling er gjort bak på leggen. Lengde frå kne til hæl er 45 cm, og foten er 25 cm lang. Vidde øverst er 13,5 cm, ankelvidde 11 cm. Den eine sokken er reparert og har hol i vrangborda, hælen er i anna garn og ein del av det raude er erstatta med ubleika garn under foten. Siste eigar var fødd i 1905 og døydde på 1990-talet, ho har teke vare på sokkane i lag med andre gamle klede. Historikk elles er ukjent.
Svarte kvinnesokkar
Heile sokken er strikka i glattstrikk, med auking og felling bak på leggen. To cm øverst er bretta over på vranga, med ein taggekant i bretten. Lengde frå kne til hæl er 62 cm, og foten er 22,5 cm lang. Vidde øverst er 17 cm, ved ankel 10 cm. Hælfelling som på herresokkar av flammegarn. Siste eigar var fødd i 1905 og døydde på 1990-talet, ho har teke vare på sokkane i lag med andre gamle klede. Historikk elles er ukjent.
søndag 27. august 2017
Raudt overliv i nyare tradisjon
Dette overlivet av raudt ullstoff (kypertvevd) har saum i sida samt smal rygg (13 cm nede). Livvidde er berre 60 cm, samt 5,5 cm som er teke inn i kvar side, sydd for hand. Rygghøgde er 34 cm. Livet er maskinsydd, men saumane er lagt fint til for hand. Overlivet er kanta med svart silkeband med orange, grønt og blått mønster. Smale metallband innanfor, men ikkje under armane og framme. Vanleg fôr når det gjeld denne type overliv er ubleika lerret, men her er det i tillegg ein grå kvaring framme. Lukka med tre hekter/maljer. Dette er eit typisk overliv til "Nasjonalen" og det ber meir preg av skreddarsaum enn eldre overliv. Det verkar som halsutskjeringa kan vera gjort etter Kingos salmebok. Overlivet er frå Årbakka, men kan stamma frå Lunde eller Heie i Uggdal.
Lite raudt overliv
Dette er eit klassisk overliv til "Nasjonalen", sydd av raudt ullstoff (kypertvevd) og lukka med 3 hekter/maljer. Truleg halsutskjering etter Kingos salmebok. Overlivet har tilbaketrekte sidesaumar. Livvidde er berre 62 cm og rygghøgde 33,5 cm, likevel er dette eit vakse plagg! Overlivet er maskinsydd, men saumar er fint lagt til for hand. Framme i livet er det skøytt på to kiler, dette er truleg gjort i ettertid fordi det manglar fôr her. Overlivet er kanta med smale svarte silkeband med lilla og grønt mønster. Smale metallband innanfor, men under armane og framme nede er det brukt svart fløyel. Sjølv om dette overlivet ikkje høyrer til den gamle folkedrakta, er det del av ein nyare tradisjon på Tysnes, som festdrakt.
søndag 20. august 2017
Bringeklut med perlenett
Denne bringekluten har perlenett som er festa på eit raudt ullstoff (19 x 19 cm). Ullstoffet er deretter montert på eit stripete bomullsstoff med symaskin. Perlenettet går ned i ein spiss og består av kvite, blå, svarte og gyldne perler tredd med mørk tråd. Perlenettet er sydd horisontalt med ein eller fleire nåler. Motiv er greske kors og romber i rutemønster, med stor 8-bladsrose midt på. Mellom sølvband og perlenett er det ein taggekant av kvite perler. Øvst klassisk svart fløyelsband med lilla og grøne roser.
lørdag 12. august 2017
Raud bringeklut med korsstyng
Brodert på stramei med korsstyng i forskjellige fargenyansar. Korsstynga er sydde i "seriar", dvs at halve stynga er sydde fyrst og så blir resten sydde på returen. Hjørna nede er ikkje brodert (ikkje nødvendig?). Motiv er "sofaputemønster". Slike mønster kunne koma med tyske handarbeidsblad frå slutten av 1800-talet. Men denne bringekluten er truleg noko yngre, dette ser ein på symåte og det meir moderne bandet oppe. Einsfarga raude sidefelt er sjeldant. Bringekluten er ca 24 cm brei og er montert med symaskin.
søndag 23. juli 2017
Lita dåpshuve i brosjert silke
Fin lita 3-blads dåpshuve av grøn silke m/brosjerte* lilla og gule roser, omkransa av 1,5 cm breitt svart silkeband med rosemønster. Dekor av kroklisser over saumane. Taggekant av kvite perler framme. Vidde nede er 19 cm, ansiktsopning er 26,5 og sidestykka måler ca 9 (høgde) x 11 cm. Fint sauma for hand m/lintråd, ikkje vrangsydd. Fôr av ubleika bomull/lin med blå striper. 13 cm lange knyteband. Denne type brosjert stoff finn ein att i bringeklutar og kan også ha vore brukt til overliv. Huva er funne på Årbakka, men stammar truleg frå Lunde eller Heie i Uggdal.
*Brosjering er ein metode for framstilling av tekstilar, opprinneleg gull-, sølv- eller silkebrokade, der ein mønstertråd blir vevd inn i ein grunnvev ved hjelp av spesielle små skytlar. Det minner om broderi.
Kjelde: Store norske leksikon.
lørdag 8. juli 2017
Grønt overliv i fløyel
Dette overlivet av mørk grøn fløyel er kvara med 2,5 cm brei burgunderraud silke langs armhol, hals og framkantar og med sølvband innanfor. Merk at sølvbanda ikkje går saman under armane, dette var mote sjølv om det også kunne vera praktisk slik. Midtstolpe og to boger med sølvband på ryggen. Teikningar i rygg er renessansepreg og peikar bakover i tid. Dekor med sølvband var også påverka av det militære. Livet er fôra med tynt bomullslerret med forsterkingar framme og ved hals. Fyrste eigar var truleg fødd i 1826 og gift i 1849.
Overliv i raudt klede
Dette overlivet av raudt klede (tynt ullstoff) er truleg frå 1849 og skal også ha vore brureliv. Det har stor likskap med forrige overliv og har tilhøyrd same familie, men eg kjenner ikkje til om det er same person som har brukt begge overliva .Livet er kvara med 2,5 cm brei blå silke og sølvband. Midtstolpe og to boger med sølvband på ryggen. Rygghøgde 30,5 cm. Livet har hatt seks maljer som er sydd på med raud tråd. Eitt par hekter i livet. Fôra med kvitt linlerret. Begge overliva er korte (påverka av empiremoten), har tilnærma primærsnitt og brei rygg. Dei er sjølvsagt handsydde, dette var før symaskiner var vanleg!
søndag 2. juli 2017
Jentehuve i blå fløyel
Jentehuva var mindre enn dei svarte huvene for gifte kvinner, men snittet var det same. Denne huva er sydd i mørkblå spegelfløyel. Bakstykket er fôra med gult bomullsstoff, gråblått i framstykket. Delane er fôra kvar for seg og deretter sydd saman. Under framkanten av huva vart det festa ei kvit bomullslist som kika fram nokre mm. Og over silkebandet langs framkanten, vart det lagt eit laust silkeband som ein knytte bak. Dette var blå/lilla for jenter (svart for koner). Verken dette eller bomullslista er bevart. Nede er huva kanta med svarte silkeband med rosemønster og det er laga ein løpegang til den svarte snora som ein justerte vidda nede med. Dette er ei flott huve som eg også har hatt glede av å laga ein kopi av. - Ettersom det er brukt fløyel i huva - og det var ikkje vanleg - kan ein rekna med at huva var brukt til stor høgtid!
Grøn trøye
Trøya skal vera brukt av mor, evt bestemor til informant som var fødd 1917. Denne familien var dyktige med handarbeid. Trøya er utan fôr og sydd delvis med maskin, saumar er lagt til for hand. Det grøne 2-skaft ullstoffet kan verka heimevove. Trøya er dekorert på armane med broderi i blått/grønt på raudt ullstoff (liknar vev) samt ei kvit perlerad. Brun fløyel i halsen med blårutete skoning. Trøya har 9 knappar/knapphol med skoning under av ulikt rutete stoff. Skoning av blomstrete stoff under armlist. Midt bak er trøya 42 cm lang, breidde over rygg (liv) er berre 32 cm. Armlengde 58 cm og skulderbreidde er 12,5 cm. - Ein kan vel sei at dette er ei trøye på veg mot moteplagg, jamfør knapping og wienersnitt. Likevel har den mykje folkedraktpreg i stoff og dekor.
lørdag 24. juni 2017
Staseleg overliv i fløyel
Dette staselege handsydde overlivet frå Uggdal kan ha vore eit brureliv. Eigar nummer to skulle vera fødd i 1841. Det er kvara med to cm brei gul/rosa krokakvaring (ull innslag, lin i renning). Vevde sølvband på 2,5 cm langs armhol, hals, skuldrar og framkantar, samt midtstolpe og to rette boger på ryggen. Valk i livet (som stakken skulle hengja på), den er kledd med bomullslerret. Rund hals (i motsetnad til firkanta som var vanleg). Fôr av ubleika linlerret. Ryggen er 39 cm brei og 33 cm høg, høgde på framkantar er 23,5 cm og skulder måler 11 cm. Det har vore seks maljer (sølvmaljer med andlet) på kvar side framme, no står til saman berre fem att. Ei hekte i livet. Snitt og dekor på dette overlivet peiker attende mot 1700-talet. Sølvband var uniformseffektar og teikningar i ryggen er prega av renessansen!
fredag 16. juni 2017
Halvskjorte
Halvskjorte i bomull dekorert med kvitsaum. Halvskjorta er handsydd og sett saman av eit langt rektangulært stykke på 106 x 12 cm (skøytt fleire stader) og to framstykke på 28 x 18 cm. Skjorta er striperynka i halsen. Kragen på 31,5 x 6 cm er utsauma med kvitsaum. Mønster er Andreaskors og heile og halve 8-bladsroser, taggar øverst. 2 cm horisontale knapphol på kragen. Det er ikkje dekor i fronten, det var heller ikkje vanleg på gamle Tysnes-skjorter. Smal fald rundt heile skjorta. Halvskjorta vart brukt under ermetrøye eller laskatrøye og vart ofte kalla lygar, fordi det såg ut som ein hadde på seg ei heil skjorte!
søndag 11. juni 2017
Laskatrøye
Handsydd, fint sauma laskatrøye av tynt svart ullstoff/klede. Spilesaum på dei to laskane (kilane) nede på kvar side av ryggstykket. Trøya er kvarda (kanta) med tre cm breitt svart silkeband med roser og er boga nede. Fôret av tynt, glansa ubleika lerret er staffert fint til nede. Lukka med tre hekter i livet. Trøya måler 70 cm midt bak og 61 cm framme til halssplitt. Armlengde er 59,5 cm og laskane er 31,5 cm lange. Ryggen er 36,5 cm brei, men berre 9 cm på det smalaste i livet, der laskane startar. Trøya kan verka skreddarsydd, ho er ikkje skøytt nokon plass eller omsydd, men står fram som ein heilskap. Trøye verkar lite brukt og er fint bevart. Laskatrøya var ikkje eit ytterplagg, til det var gjerne brukt storsjal. Siste eigar av laskatrøya døydde barnlaus i 1970-åra.
Abonner på:
Innlegg (Atom)