søndag 23. februar 2025

Skjortebryst for kvinner?

 


Skjortebryst for mann. Plagget er i bomull og er 28,5 cm breitt og 35 cm høgt midt framme To innfelte kiler på 7 x 9/10,5 cm, desse gjev også fasong til den 8 cm høge kragen. Halsopning 6 cm brei, ca. 3 cm høg midt framme. Dekor av hardangersaum med tre ruter på kant. Ei halv åtteadsrose i plattsaum øvst. Smal fald rundt, jare nedst. Alt er fint handsydd. Tilsvarande skjortebryst er blitt registrert i Fana.


søndag 16. februar 2025

Barnehuve - dåpshuve til gut

 

   


Treblads raud huve, truleg av "podepesj" med dekor av perlebrodert åttebladrose på toppen, omkransa av små oker rosettar. På kvar side og midt bak er det perla kløverbladkors. Kvite, blå, oker og grøne perler. Gull stråperler i åttebladrosa. Saumane er dekka av metallband, metallknipling og kvite perler langs framkanten. Huva er kanta med 1,5 cm brei grøn silke med gult sikksakk mønster, såkalla krokvaring. - Huva er sauma for hand med lintråd. Både dekor og montering er nydeleg utført. Delane er fôra kvar for seg (ikkje vrangsydd) med tynt ubleika og smalstripete stoff. Saumane er bretta til kvar side og sydd ned med kastesting. Perlebroderia er sydd gjennom til fôret. 30 cm langt knyteband av vinraud silke. Mål: Vidde nedst 23,5 cm, lengde framme 28 cm og sidestykka måler ca. 11 cm (høgde) x 9 cm. Truleg dåpshuve for gut, jenter skal ha hatt grøne eller blå huver.





søndag 9. februar 2025

Løyert

   
       

Løyerten er sydd av eit bomullsstoff med rutemønster i nedre del og eit lite liv, 25 cm breitt og ca. 14 cm høgt. Kroppsstykket er 60 cm langt og 80 cm vidt, rynka til livet. Løyerten er maskinsydd med smale saumar og blir lukka med to knappar på skuldrene. Den eine spissen på bakstykket blir tredd inn i ein 4 cm høg opning i den andre sida. Løyerten har band til knyting bak og blir knytt saman nede. Denne løyerten kan vera frå 1930- eller 40-talet, men truleg er dette eit plagg som har vore brukt før det. I Digitalt museum står det dette om løyert: "En løyert er et stort stykke stoff med seler over skuldrene og knapper eller bånd for å feste rundt barnet. Når barnet var nyfødt og seks uker fremover, ble løyerten brukt som sparkebukse (som ikke fantes på den tiden). Før barnet ble lagt i løyerten, ble det kledd i skjorte, trøye og bleier. I skrittet ble det brukt en gasbleie (skrittbleie). En flanellsbleie ble så brettet i trekant og lagt over gasbleien, og snippene ble lagt rundt barnet og festet foran. Deretter ble en flanellsbleie (ca 70x70 cm) lagt under og rundt barnet, hvorpå bleien ble dandert rundt beina for at barnet ikke skulle gni beina mot hverandre. Til slutt ble løyerten kledd på barnet og kneppet sammen".

søndag 2. februar 2025

Overliv - eldre draktskikk




Eldre type overliv i tilnærma primærsnitt. Brei rygg, sidesaumane er berre trekt litt bakover. Silke med brosjert mønster i rosaraud, grønt og gult, mørk botn. Kanta med raudrosa 3 cm brei silke og 2 cm breie gullkniplingar langs ermhol, hals- og framkantar, utanom 3 cm under ermane. Silke og fôr er sydd saman med indresaum i sidene og på skuldrene, alt er sydd for hand. Mål: Vidde liv 80 cm, høgde side 15 cm, høgde midt bak 36 cm og skulderbreidde 13 cm. Overlivet er fôra med grønleg linstoff og har merke etter seks par snøreringar. Merk at overlivet har ingen kant eller valk i livet.

søndag 26. januar 2025

Overliv - sein draktskikk

 



Fint handsydd overliv frå siste periode med den gamle, lokale draktskikken! Livet er i grønt ullstoff/klede med smal rygg (12 cm i livet). Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, unnateke 6 cm under armane og 5,5 cm midt framme, som er kanta med silkeband. Ca. 1 cm brun kant/band i livet og ein smal valk av linlerret med diameter 1,5 cm. Høgde framme 35 cm, høgde rygg 38,5 cm, breidde skulder 11,5 cm, høgde side ca. 21 cm, vidde liv ca. 70 cm. Fôra med ubleika lerret, truleg bomull. To hekter i livet til å festa på stakken. Lukka med tre par hekter/maljer. Merke etter tre par ringar på vranga, truleg ein "rest" etter dei gamle, korte snøreliva. Overlivet er stiva opp midt framme øvst, ca. 7 x 14 cm. Fyrste kjende eigar var fødd i 1885, men overlivet kan like gjerne vera frå ein generasjon før.


søndag 19. januar 2025

Forseggjort barnehuve

 


Treblads barnehuve i tynt bomullsstoff med striper og romber i stoffet. Sidestykka måler ca. 10 x 10 cm og har ein liten skøyt på høgre side. Midtfeltet måler bak 3 cm, lagt i eit legg til 0 cm og aukar til 5,5 cm framme i panna. Sidefelt og midtstykke er sett saman med to cm hekla eller knipla felt i mellom. Framkanten måler 28,5 cm, der er det ein foldelagt, truleg hekla blonde 1,5 cm brei. Alt er handsydd med smale saumar. Huva er utan fôr og har ikkje løpegang nedst. Knyteband på 0,4 x 14 cm. Fyrste kjende eigar var fødd i 1885, kan henda var det hennar dåpshuve?




søndag 12. januar 2025

Mørk blå jentehuve

    


Mørk 3-blads blå jentehuve i peu de pêuche. Kanta med mønstrete silke (kan henda gjenbruk av eit silkesjal) 3 cm brei framme, ca 1,5 cm nede. Kvite perlelisser er sydd på langs silkekanten. Huvesaumane er dekka av 6 mm breie svarte og beige sikksakk-band. Huva har fôr av bomullsstoff med trykt småmønster, alt er fint handsauma. Restar etter 1,5 cm breie raude ullband til knyting.

Mål:  27 cm langs framkant, 21 cm nedst, høgde side 11, breidde midtstykke bak 5 cm,  breidde midtstykke framme 8 cm.

Dette er truleg ei jentehuve fordi gutehuvene var raude og jentehuvene blå eller helst grøne. Huva stammar frå Gjersheim på Hamarhaug, som høyrde til Tysnes kommune fram til 1907.

onsdag 1. januar 2025

Ermetrøye



Ermetrøye, også kalla undertrøye eller ullaskjorte. Dei mange delane på den vesle trøya er fint sauma saman for hand. Framstykka er sett saman av tre delar, det same er ryggen. På begge forstykka er det to striper à 3 rader med ørsmå kjedesting, blågrå i midten omkransa av kvite rader. Ermane er sett saman av eit hovustykke og ein 33 cm lang og 9 cm brei kileforma del. Langs halskant og framme er det kanta med eit smalt grønt band (ca. 1 cm og 0,5 cm på baksida). Ermane er kanta med 2 cm breitt svart fløyelsband med blomemønster og ei kvit og blå perlelisse. Innanfor fløyelsbandet ein 4,5 cm brei skoning med raudt og rosa småblomstrete bomullsstoff. 5 lang splitt, lukka med hekte og malje. Trøya er heilfôra med tynt, ubleika lerret, kan vera lin. Saumen i ermholet vender ut, sydd med attersting og kasta over. Raud sytråd. Trøya er lukka med to par hekter og maljer. 



                                  

Mål:
Skulder 10 cm
Høgde midt framme 31-32 cm
Høgde midt bak 36,5 cm
Breidde rygg nedst 14 cm
Ryggbreidde 28 cm
Høgde side 20 cm
Vidde liv 68 cm
Lengde arm 53/46-47 cm
Vidde arm 32/19 cm
         '
'





lørdag 21. desember 2024

Brurestakk eller understakk

 



Raud stakk i ullstoff i lerretsbinding, stoffet kan vera stykkfarga. Stakken er sett saman av fem breie og to smale stoffbreidder. Den 1,8 cm breie linninga er fôra med rutete stoff. Vidda til livet er teke inn med to felt med striperynkingar, 5 cm breie, 10 og 6,5 cm ned frå livet. 23 cm lang splitt i ein saum, saumen er også rakna vidare ned 9 cm. Lukking med to hekter/maljer samt to hekter og trådhemper i splitt. Nedst har stakken ein 4 cm brei rutete skoning av bomullsstoff og ein sopekant på ca. 1 cm. Dekor av to svarte 2,5 cm breie blonder med start 9 cm nedanfrå. Stakken er 88 cm høg, har ei livvidde på 71cm og vidda nede er 228 cm. Stakken er maskinsydd med svart tråd og er truleg frå slutten av 1800-talet. Kan dette ha vore ein brurestakk?





mandag 9. desember 2024

Nyare hjartebringeklut



Bringekluten har eit perlebrodert hjarta på ca. 12 x 12 cm av gyldne stråperler, innramma av kvite perlelisser. Inni hjartet er det ei åttebladsrose, to greske kors, samt små korsformer.  Hjartet er perla på eit raudt ullstoff ca. 16 x 16 cm. Kvarde av eit 2 cm breitt blomstrete band og 0.7 cm breitt metallband. Breidde øvst 29 cm, nedst 27 cm, høgde 23 cm. Bakstykke av ubleika lerretsvove bomull. Montert med maskin. Hjartebringeklutar vart vanleg frå midt på 1800-talet, og vart også mykje brukt til "Nasjonalen" frå kring 1900. Denne bringekluten er truleg frå langt utpå 1900-talet. Det spesielle er at også sidefelta er i ullstoff.


søndag 1. desember 2024

Burgunderraudt fløyelsoverliv


Overlivet i burgunder fløyel har brei rygg med ein liten kile midt bak. Kanta med 2 cm breitt svart fløyelsband med rosemønster og 0,7 cm breie metallband. Saumane er bretta til sides. Skuldersaumar er lagt ned for hand, sidesaumar er bretta inn og sydd med maskin. Banda  er sydde på for hand. Den vesle kilen midt bak gjev overlivet ei god form. Ein ekstra detalj er at det er laga eit lite hakk i sidesaumane, på høgde med kilen bak. Mål: Rygghøgde 37 cm, skulderbreidde 10 cm, høgde i sida 20 cm, høgde midt framme 27,5 cm, vidde liv ca. 68 cm. Fôr av ubleika lerretsvove bomullsstoff. Lukka med tre par hekter og maljer i livet. Overlivet er svært fint utført.



lørdag 9. november 2024

Bringeklut med bladmønster


Perle- og ullgarnsbroderi. Brodert bord på stramei 14,5 x 5,5 cm. Grønt ullgarn med leggjesaum i botnen og bladmønster av gjennomskinlege, brune, kvite og gyldne perler. Det er sydd frå kortsida. Slike bladmønster vart vanleg på bringeklutar og belte frå slutten av 1800- talet, då den gamle draktskikken heldt på å gå ut. Rader av kvite og gyldne perler øvst og nedst på borda. Ca. 3 cm brei fløyelskvarde. Midtfet av  svart fløyel ca. 14 x 17 cm. Bakstykke av rutevove bomullsstoff. Sidefelt av svart bomullsstoff med trykte raude roser. Breidde ca. 27cm, høgde ca. 32 cm. Truleg montert for hand.

lørdag 26. oktober 2024

Applikert og perla belte

 


Beltet har gjentakande mønster av åttebladstjerner, applikert og perla i mange fargar på raudt ullstoff. Blå stavperler og svarte små perler mellom kvar stjerne, forma som timeglas, samt små svarte korsformer. Annakvar stjerne er applikert med kvitt og svart stoff, som er festa til underlaget med perler og tråd, som dobbeltkors. Åtte små "rosettar" rundt kvar stjerne, elles korsformer i frisaum. Det er vel verd å studera alle dei små detajane! Bakstykke av ubleika, lerretsvove bomullsstoff. Beltet er 5 cm breitt, 69 cm langt og er lukka med to hekter og to sydde hemper. Det forseggjorte beltet har eldre type dekor, men nyare montering. Tilsvarande belte er blitt brukt i Hardanger. Dette beltet har trueg vore brukt til "nasjonalen".





fredag 11. oktober 2024

 

    


Tre-blads huve i mørkeblått peu de pêuche. Saumane er dekka av 6 mm breie svarte og beige sikksakk-band. Kanta med mønstrete silke (kan henda gjenbruk av eit silkesjal?), 3 cm brei kant framme, ca. 1,5 cm nede. Kvite perlelisser er sydd på langs silkekanten. Huva måler 27 cm langs framkant, 21 cm nede, sidestykket er 11 cm høgt, midtstykket måler 5 cm bak og 8 cm framme. Fôr av bomullsstoff med trykt småmønster. Restar etter 1,5 cm breie raude knyteband i ull. Huva er fint handsauma. Dette kan ein rekna med er ei jentehuve fordi gutehuvene var raude og jentehuvene blå eller helst grøne. Huva er frå Gjersheim på Hamarhaug i Ølve, som før høyrde til Tysnes kommune. Pr. 1 / 1-1907 vart folka på Hamarhaug overført til Kvinnherad kommune etter å ha vore tysnesingar i uminnelege tider.

lørdag 28. september 2024

Bringeklut med stor åttebladsstjerne


Stor åttebladstjerne av perlenett av kvite, blå og gule perler. Rundt perlenettet er det sydd på små Andreaskors og eit dobbelt kors nedst. Det raude ullstoffet på 13 x 18 cm som perlenettet er festa på er sett saman av to ulike stoff. Øvst ein 2 cm brei kvarde av svart fløyelsband med rosemønster, delvis dekt av ein vifteforma sølvknipling 3 cm brei. Dei rutete sidefelta går over i ein kant på baksidestoffet av ubleika lerret. Bokstavane står for Olina Torgeirsdtr. Gjersvik (1859-1950). Bringekluten måler ca. 25 x 25 cm og er montert for hand.