torsdag 28. februar 2019

Bringeklut i grønt, blått og rosa


Ein spesiell, eldre bringeklut med perlebroderi på grønt ullstoff - raudt var mest vanleg!  Kvite og gull stråperler, samt perler i kvitt, gult, mjølkekvitt og svart dannar ein gresk kross omkransa av to store rosettar og zic-zac rader. I midten eit svart felt i bomull (kypertl) og rosa og blått sidefelt i glansa bomullsstoff. Gullknipling og mønstra fløyel øverst.  Bringekluten er montert for hand. Fôret er av svart bomullstoff som er skøytt på tvers.
Under er ein nysydd bringeklut frå år 2000, kopiert så godt det let seg gjera. Dette er ein type bringeklut med fin og enkel dekor som er relativt rask å sy.