Bringekluten har dekor av kvite, blå og gyldne stråperler, store gyldne perler og småperler, montert på raudt ullstoff 15 cm breitt og 17,5cm høgt. Eit innlegg av papp viser der stoffet er slitt. Motiv er eit stort Andreaskors omkransa av fire åtte-bladsstjerner og små kors. Metallknipling, 3,5 cm brei med vifte-mønster, montert over kvarden av svart fløyelsband med rosemønster, 3,4 cm brei og med eit belegg bak. Bakstykke av stripete bomullsstoff i ein kypertvariant. I sidefelta trykt bomullsstoff i stripe-og blomemønster, det nedste feltet er kan henda restar etter ei klutatrøye. Bringekluten er montert for hand og er 25,5 cm høg og 27,5 cm brei. Dette er ein typisk perlebringeklut som kan vera frå 1880- 90-talet. Dei perlebroderte bokstavane står for Anna Margrete Henriksdotter (1860-1932).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar