Sjarmerande lite overliv og forkle frå 1930-talet. Overlivet i raud ulldamask er delvis sydd etter eldre snitt. Legg merke til at det er høgare på den eine sida. Det er kanta for hand med grøne 1,5 cm breie krokbragdband, også under armane, 0,5 cm belegg av lerret viser under bandet. Høgde rygg 29,5 cm, høgde side 14 cm, skulderbreidde 10 cm, vidde liv 63 cm, høgde foran 22 cm, breidde rygg 26 cm i livet. For- og bakstykke er fôra kvar for seg med ubleika lerret og sydd saman med maskin, saumane er kasta over. Lerretskant ca. 1 cm i livet. Kile 1 x 7 cm på forstykka. To par hekter/maljer i livet.
Forkle i bomull, 37 cm høgt og 39 cm breitt. Linning og tampar 4 x 69 cm. Forkleet er rynka inn 17 cm og sydd fast til linninga. Tamp på 4 cm i venstre side med liten knapp. Innfelt 2,5 cm brei engelsk blonde. Nedste del av forkledet i dobbel stoff, 7 cm høgt inkl. 3,5 cm brei engelsk blonde. Alle saumar med maskin
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar