søndag 29. juni 2025

Grønt overliv med fine detaljar

   


Grønt overliv i klede (kan også vera peau de pêche) med fine detaljar. Kanta med to cm breie svarte fløyelsband med rosemønster med kvite perlelisser innanfor, unnateke ca. 5 cm under armane, 6 cm svart band midt framme. Overlivet er solid sydd for hand. Inni snippen er det ei ca. 7 x 7 cm forsterking. Fôret av rutevove brunt/blått bomullsstoff viser også ein cm på framsida. Fem hekter over valken (diam. 1,5 cm) til å festa i stakken, desse har ei forsterking på fôret. Artig detalj med perleremse av annakvar gule og kvite perler på skuldrene. Overlivet er lukka med tre par hekter/maljer. Mål: Høgde framme 33 cm, høgde rygg 37 cm, skulderbreidde 10,5 cm, høgde side 19 cm,  vidde liv ca. 64 cm. Smal rygg 9 cm i livet.



onsdag 18. juni 2025

Overliv i plysj

 

      


Påkosta overliv i raud plysj med striper. Overlivet som har Hardangerpreg, er kanta med 2 cm breitt svart fløyelsband med rosemønster, samt 3 cm brei metallknipling, unnateke 5-7 cm under armane som er kanta med fløyelsband. Banda er sydd på for hand. Lukka i livet med tre par hekter/maljer, med eit 2,5 cm breitt belegg under. For- og bakstykke er fôra kvar for seg med laust vove ubleika lerret og sydd saman med maskin, saumane er kasta over. Banda er sydde på for hand. 2 cm brei dobbel lerretskant i livet. Mål: Høgde rygg 39 cm, skulderbreidde 13 cm, høgde side 22 cm, vidde liv ca. 80 cm, høgde midt framme 33 cm, breidde rygg 11 cm i livet. Overlivet er prega av Hardangerbunad, men med særpreg. Metallkniplingane er utan rutenett mellom viftene og er truleg maskintilverka.

søndag 8. juni 2025

Broderte selar med perler



Selar brodert med leggjesaum/korssting og perler. Svart ullgarn i botnen, raud brodert kant på langsidene. Rose- og bladmønster i raud-rosa, grønt, gult og beige ulltråd. Rapportar med kvite, gjennomskinlege, gule, svarte og blå perler. Bakstykke av ubleika lerret, kan vera lin. Mål: 94 x 4,3 cm, medrekna endestykke på 13,5 cm. To understykke på 6 cm med 2,5 cm lange handsydde knapphol, to i den eine, eitt knapphol i andre enden. Endestykka er sydde med maskin, elles er selane montert for hand. Broderte roser på selar, belte og bringeklutar vart mote mot slutten av folkedrakttida, ved overgangen til "nasjonalen". Dei geometriske formene med mykje symbol gjekk då meir og meir ut or bruk.



søndag 1. juni 2025

Perlebringeklut frå 1880-90 talet



Bringekluten har dekor av kvite, blå og gyldne stråperler, store gyldne perler og småperler, montert på raudt ullstoff 15 cm breitt og 17,5cm høgt. Eit innlegg av papp viser der stoffet er slitt. Motiv er eit stort Andreaskors omkransa av fire åtte-bladsstjerner og små kors. Metallknipling, 3,5 cm brei med vifte-mønster, montert over kvarden av svart fløyelsband med rosemønster, 3,4 cm brei og med eit belegg bak. Bakstykke av stripete bomullsstoff i ein kypertvariant. I sidefelta trykt bomullsstoff i stripe-og blomemønster, det nedste feltet er kan henda restar etter ei klutatrøye. Bringekluten er montert for hand og er 25,5 cm høg og 27,5 cm brei. Dette er ein typisk perlebringeklut som kan vera frå 1880- 90-talet. Dei perlebroderte bokstavane står for Anna Margrete Henriksdotter (1860-1932).