søndag 12. oktober 2025

Grønt vadmålsliv utan fôr

 


Overliv frå slutten av 1800-talet med rygg som smalnar inn i livet. Som alle slike bevarte overliv i vadmål som eg kjenner til, er det utan fôr. Det er kanta med tre cm breie grindvovne band med raud botn og mønster i svart i form av små kors og blå ruter på kant samt korsformer. Under ermane er det eit sju cm langt mørkeblått band og framme held dei vovne banda fram i eit svart felt. Smal kant på ein cm i  livet. Skoning på vranga av rutete bomullsstoff rundt halsen og framme. Mål: Rygglengde 39 cm, ryggbreidde 31 cm, lengde midt framme 30 cm, høgde under arm 16 cm, vidde nede 74 cm, lengde skulder 11cm. Overlivet har maskinsaum og er lukka med tre par hekter/maljer i livet.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar