To nesten like bringeklutar frå Tysnesbygda og Høviskeland! Begge har bord brodert på stramei med grøn ulltråd i botnen med leggjesaum og korssting, og nonfigurativt mønster (eller er det stiliserte blomar?) av perler. Småmotiv av kvite, svarte, gyldne og raude perler. På bringekluten til venstre er ein del av perlene sydd oppå broderiet, dette gjev ein djupneverknad. Begge har mønstrete sidefelt og er omlag like store: Breidde 26,5 og høgde 28/29 cm. Bakstykka er ulike; rutevove ullkypert av brunt og kvitt, som viser på framsida og brunt linstoff. Den eine har svart midtfelt i ull, den andre mørkblått. Kvarden er ulik; svart fløyelskvarde med blomemønster og kvite perlelisser samt eit enkelt metallband nedanfor borda. Den andre har raud ullkvarde med gullknipling over. Dette viser berre litt av mangfaldet i eldre tysnesdrakter. Fleire slike tilfelle kan du lesa om i boka "Bringeklutar frå Tysnes".


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar