fredag 16. juni 2017

Halvskjorte


Halvskjorte i bomull dekorert med kvitsaum. Halvskjorta er handsydd og sett saman av eit langt rektangulært stykke på 106 x 12 cm (skøytt fleire stader) og to framstykke på 28 x 18 cm. Skjorta er striperynka i halsen. Kragen på 31,5 x 6 cm er utsauma med kvitsaum. Mønster er Andreaskors og heile og halve 8-bladsroser,  taggar øverst. 2 cm horisontale knapphol på kragen. Det er ikkje dekor i fronten, det var heller ikkje vanleg på gamle Tysnes-skjorter. Smal fald rundt heile skjorta. Halvskjorta vart brukt under ermetrøye eller laskatrøye og vart ofte kalla lygar, fordi det såg ut som ein hadde på seg ei heil skjorte!  

søndag 11. juni 2017

Laskatrøye



Handsydd, fint sauma laskatrøye av tynt svart ullstoff/klede. Spilesaum på dei to laskane (kilane) nede på kvar side av ryggstykket. Trøya er kvarda (kanta) med tre cm breitt svart silkeband med roser og er boga nede. Fôret av tynt, glansa ubleika lerret er staffert fint til nede. Lukka med tre hekter i livet. Trøya måler 70 cm midt bak og 61 cm framme til halssplitt. Armlengde er 59,5 cm og laskane er 31,5 cm lange. Ryggen er 36,5 cm brei, men berre 9 cm på det smalaste i livet, der laskane startar. Trøya kan verka skreddarsydd, ho er ikkje skøytt nokon plass eller omsydd, men står fram som ein heilskap. Trøye verkar lite brukt og er fint bevart. Laskatrøya var ikkje eit ytterplagg, til det var gjerne brukt storsjal. Siste eigar av laskatrøya døydde barnlaus i 1970-åra.






Halvskjorte



Halvskjorta vart brukt under ermetrøye eller laskatrøye og vart ofte kalla lygar, fordi det såg ut som ein hadde på seg ei heil skjorte! Ein kan gjerne samanlikna det med skjortebrysta som mennene hadde. Denne halvskjorta er sett saman av eit langt rektangulært stykke på 91 x 15,5 cm og to framstykke på 22 x 14,5 cm. Skjorta er striperynka i halsen. Krage på 33 x 5 cm dekorert med kvitsaum. Motiv er samanhengande Andreaskors og heile og halve 8-bladsroser, taggar øverst på kragen. To cm horisontale knapphol på kragen. Det er ikkje dekor i fronten, det var heller ikkje vanleg på gamle Tysnes-skjorter. Smal fald rundt heile skjorta.






mandag 5. juni 2017

Overliv med sølvkniplingar


Dette spesielle overlivet er handsydd. Er usikker på stoffet, det kan evt vera bomullsstoff. Mønsteret er lilla roser og grøne blad i stripeeffekt på mørk bakgrunn. Overlivet er kvara med rosa/kvitstripete bomullsband med raude og grøne roser, samt gullkniplingar langs armhol, hals og framkantar og på skuldrene, Merk at kniplingane ikkje går heilt saman under armane på desse gamle overliva. Fôr av enkelt ubleika lerret. Dette overlivet er berre eit av mange døme på det fantastiske mangaldet det var i dei gamle folkedraktene!


Barneoverliv frå 1830 åra


Nydeleg barneliv, fint utført med handsaum. Fyrste kjende eigar var fødd 1822 og døydde i 1898. Livet har gått i arv i fire generasjonar, men har ikkje vore brukt etter 1900. Det er godt bevart. Informant (oldebarn) var fødd i 1917.
Overlivet er laga av silkebrokade med små brosjerte grøne og grå roser (fransk silke?).
Langs armhol, hals og framkantar er det to cm grøne silkekvaringar med sølvkniplingar innanfor, unnateke under armane. Sølvknipling også på skuldrene. Det raudrosa lerretsfôret er bretta over til vranga slik at det dannar seg ein liten kant eller valk i livet. Framme er det merke etter maljer/ringar, hekte/malje i livet. Ryggen er 34 cm høg og 39 cm brei, framkanten måler 24 cm. Skulder er 13 cm brei. 



fredag 26. mai 2017

Laskatrøye med grøne silkekantar



Denne nydelege laskatrøya er fint kvara med grøn silke langs hals, framkantar og armar. Fôr av glansa bomullsstoff, gult oppe, raudt- og svartmønstra frå livet og ned, det same nedst på armane. Lukka med hekter/maljer i livet. 
Laskatrøya skal vera del av ei bruredrakt frå Onarheim som vart levert til Bergen Museum i 1912, saman med det raude overlivet med grøne silkekantar som eg tidlegare har blogga om. Trøya verkar profesjonelt sydd og ho er ikkje skøytt eller omsydd, men står fram som ein heilskap. Laskatrøya var ikkje eit ytterplagg, til det var gjerne brukt storsjal. 


fredag 19. mai 2017

Bringeklut med bord oppe.



Denne type bringeklut med bord oppe var typisk for Tysnes dei siste 10-åra av 1800-talet. Perlebroderi på lin (eller liknande stoff) med tre roser i asymmetrisk mønster, samt små rosetter. Det er brukt raude, rosa, kvite, gull og svarte perler. Botnen er fylt ut med korsstyng i blågrønt ullgarn. Svart ullstoff i lerretsbinding i midtfeltet, omkransa av raud/blå rutete ullflanell. Silkeband med roser øverst. Bakstykke i kypertvevd lyst kanvas. Legg merke til dei spreke fargane i broderiet i kontrast til det heller ordinære rutete stoffet!



søndag 14. mai 2017

Nydeleg raudt overliv



Handsydd overliv i eldre snitt i raud silke eller glansa ullstoff - uansett har det vore eit stasliv som ber lite preg av bruk! Livet er kvara langs framkantar, hals og armhol med breitt, flott, brosjert silkeband i fargane raudt, grønt, gult og lilla. Blå/kvit rutete tjukk valk som stakken skulle hengja på. Valken kunne vera fylt med halm e.l. Fôret er av kypertvevd, ubleika bomullstoff. Ei hekte og krok viser i livet. Dette kan gjerne ha vore eit brureliv?


Grønt overliv i fløyel (plysj)



Handsydd eldre type kort overliv. Snittet peiker meir mot 1700-talet, kanskje det kan vera så gammalt? Overlivet er kvara med raud silke langs armhol, hals og framkantar. Slike kvaringar var ikkje skråklypt, dette vart vanleg fyrst i seinare tid. Vevde sølvband (kunne vera uniformseffektar!) innanfor silken, samt på  skuldrar og eit rett og to boga sølvband i ryggen. Sølvbandet går ikkje heilt rundt under armane og ikkje heilt ned framme eller i ryggen. Dette var evt for å spara på banda, men det var også mote. Seks par avlange, støypte snøremaljer framme. Spesielt med dette livet er at det har rund hals. Evt har det vore valk i livet. Det er blitt fortalt meg av eldre informant at fløyelsliv kom med koner (brurer) frå kysten!

fredag 5. mai 2017

Fantasifullt overliv


 

Dette spesielle overlivet vart innkjøpt til Bergen Museum i 1885. Det er handsydd og har eldre snitt med brei rygg og rette skuldrar. Mønsterteknikk er stofftrykk, evt maling på 2-skaft ullstoff. Kvara (kanta) med stripete band i raudt, grønt og kvitt, truleg av lin/silke. Men banda kjem i bakgrunnen for mønsteret i stoffet!.Fôr av ubleika grovt linlerret. Åtte par hol (etter maljer eller ringar) og lukka med hekte/malje i livet.


.

Brureliv frå 1849



Dette nydelege overlivet i glansa ulldamask frå 1849 skal vera del av ei bruredrakt frå Onarheim, innkjøpt av Bergen Museum i 1885. Kort overliv i eldre snitt med brei rygg og rette skuldrar. Det er handsydd, svært forseggjort og overlivet er sydd av heile stoffstykke. Fôr av kvitt linlerret. Grøne silkekvaringar langs armhol, hals, framme og på skuldrene. Framme er det merke etter snøremaljer. Høgde på rygg er berre 36 cm, men livet er uvanleg stort (vidt) og kan gjerne tilsvara dagens str 40-42. 


fredag 28. april 2017

Bringeklut med bord oppe



Dette er ein typisk bringeklut frå siste del av 1800-talet, litt avlang og med dekor oppe. Broderiet (5 x 15 cm) er utført med ullgarn og plattsaumsting på stramei i fargane raudt, blått, grønt og lilla. Blå broderte "kroklisser" oppe og nede på borda. Rosa bomullsstoff med striper og kvite spetter på begge sider av midtfelt i grøn ulldamask. Bakstykke av ubleika bomull i kypertvevnad, jaren viser framme. Bringekluten er montert både for hand og med maskin. Stramei til å brodera på kom i bruk frå kring 1870. Den fyrste strameien likna meir på lin, men strameien i denne bringekluten er av "nyare" type.



Grøn ermetrøye





Utfrå snitt, saum (delvis maskinsydd) og stoff (ullstoff/klede) ser ein at dette er ei ermetrøye frå siste del av 1800-talet. Skulder - og sidesaumar er trekt bakover, slik at ryggen berre er 13 cm brei i livet.  Begge armar er sett saman av eit hovudstykke og fire mindre stykke, av dei ein mørk grøn kile (har truleg mangla stoff). Fire cm breitt silkeband samt smal blonde og sju cm lang splitt på armane. Smalt, mønstra fløyelsband i halsen. Trøya er 35 cm lang og armane måler 54 cm. Lukka med 8 par hekter/maljer.  Fôr av ubleika lerret.
Ermetrøye vart brukt under overliv og med halvskjorte, såkalla "lygar" i halsen. Men denne trøya viser også overgang til kjolemote, så ein veit ikkje om den òg kan ha vore brukt utan overliv?



søndag 16. april 2017

Kristnebleie (dåpssmekke) med sølvband



Dåpssmekka eller kristnebleia var særleg utbreidd på Vestlandet, men er no lite kjend. Den smale, avstiva smekka kunne vera dekorert med forskjellige symbol, og var meint å leggja oppå barnet når ein heldt det fram til døypefonten. Denne smekka som er 40 cm lang og 18,5 cm brei (10 cm nedst), er kvara (kanta) med ca. 2,3 cm brei blå silke og med ein 1,5 cm brei sølvknipling innanfor. To smale og to breie sølvband dannar to Andreaskors. Dekor av blå, gull og kvite stråperler, samt kvite perler som formar mønster med åttebladsstjerner. Dekoren rommar mykje symbolikk, m.a. om Den treeinige Gud og skulle halda vonde makter ute. Tre par knyteband er sydd fast til bakstykket, dette kan evt. vera sekundørt sidan banda ikkje er integrert i saumen på bakstykket. Smekka er kjøpt på auksjon av noverande eigar, elles er historikk ikkje kjend. Du kan lesa meir om dette spanande plagget på lokalhistoriewiki.no.





lørdag 15. april 2017

Kristnebleie (dåpssmekke) med applikasjon




Til langt utpå 1800-talet var det ein mykje brukt dåpsskikk å leggja ein brodert duk over brystet på dåpsbarnet når ein heldt det fram til døypefonten.  Slik dåpssmekke eller kristnebleie var utbreidd særleg på Vestlandet, der ein gjerne nytta omgrepet "kristnaduk".  Det er ei smal, avstiva smekke utan knyteband, som berre var meint å leggja oppå barnet, frå halsen til føtene. Smekka var dekorert med forskjellige symbol som skulle halda vonde maktar ute.  Denne smekka har applikasjonar i silke og er kvara (kanta) med raudrosa silke og med sølvband innanfor. Rundt applikasjonane er det lagt trådar som er sydde over. Dei applikerte motiva må ein rekna med har hatt symbolverdi: hjarta (kjærleik) og den treblada blomen (den treeinige Gud). Smekka er frå Onarheim, elles er historikk ikkje kjend. Du kan lesa meir om dette spanande plagget på lokalhistoriewiki.no.