søndag 28. februar 2021

Valk til Tysneshuve




Frå gammalt har det vore brukt valk inni Tysneshuva, og denne huva vart då også tidlegare kalla valkahuve. Valken må formast slik at han passar til hovudet og sit stødig. I sein tid har det ikkje vore brukt valk inni huva, det gjer at ho heng meir og får eit søkk på toppen. Denne valken er fylt med halm som er fletta i remser og lagt i ein halvsirkel rundt hovudforma. Valken er kledd med linstoff. Indre saum kan vera sydd med maskin. Ytterst er valken fint kasta saman med lintråd, det tyder på at det er ein eldre valk. Halmen er halden på plass med to rader med lange forsting. Valken måler 27x 27 cm og er omlag 2 cm tjukk i midten framme, tynnare mot ytterkantane. Midt på er valken 7 cm høg. - På valkar for skaut er det ein støttekant som blir festa til håret og eit knyteband som blir lagt over støttekanten og knytt oppå hovudet.


søndag 21. februar 2021

Lange spøtasokkar for menn

 



Lange strikka sokkar for menn. Seks cm vrangbord av to rette og tre vrange masker, resten er glattstrikk. Den "firkanta" hælen er forsterka, m.a. med brunt garn. Lengde frå kne til hæl er 58 cm. Sokkane måler omlag 34 cm ved kneet, fotlengde 27 cm. Dei er lappa fleire gonger, både med stopping og påsydde strikka-lappar, desse kan vera frå andre plagg. Såle og tær kan vera strikka på nytt seinare. Dette har nok ein gong vore stassokkar - eller kanskje brudgomssokkar? - uansett så er dei velbrukte over lang tid!! Lappinga er ikkje så finsleg gjort, men har nok gjort sokkane ekstra varme og gode!



fredag 12. februar 2021

Hekla overdelar til linnet


Plagg frå ei tid då ein gjorde seg føre med heimelaga undertøy! Nydeleg heklearbeid som heldigvis er blitt spretta av når stoffet i linnetet var utslitt. To små fuglar er hekla inn midt foran på den 44 cm breie og 20 cm høge overdelen. Selane er 3,2 cm breie. Det er hekla med staver og luftmasker, med små picoter langs kantane.


Denne overdelen til linnet er 43 cm brei og 24 cm høg. Stoffet i nederdelen er spretta av. Det er hekla med staver og luftmasker (rutemønster med tre staver) og med blondeheking langs kantane, også på dei 4 cm breie selane.


 

torsdag 4. februar 2021

Bringeklut med bladmotiv


Bringeklut med dekor av bladmotiv, som me kjenner att i utallege variasjoner på bringeklutar, mannsselar og belte frå slutten av 1800-talet, då folkedrakta gjekk mykje ut or bruk. Broderi på stramei (5,5 x 14 cm) med fire blad i ulike farga perler. Botnen er fylt ut med korsstyng i grønt ullgarn. Kvit perlerad oppe og nede, med raude og gyldne perler inni. Kant av raudt ullstoff øverst, dette viser att nedanfor strameiborda også. Svart ullstoff 13,5 x 20,5 cm nedanfor broderiet. Kant av baksidestoffet av ubleika kraftig bomull viser framme. Ytre mål er 28,5 x 28 cm. - Fint handmontert bringeklut som er uvanleg godt polstra. Det rutete sidestoffet har eit innfelt stykke på eine sida, fint utført. På dei fleste bringeklutar er det ein kant av bomullsstoff nederst, den er utelaten her. Metallbanda er ikkje integrert i saumen og kan kanskje  vera sett på seinare. Dei er likevel tidstypiske for bringekluten.