Jenteskulen på Darheim
Fylkestinget vedtok i 1879 å setja i gang ein husmorskule på Darheim. Skulen tok til i mars 1880, og elevtalet låg på 20–25 dei første åra. Seinare minka søknaden noko, og skulen vart nedlagd i 1900. Hoelfeldt-Lund og kona var styrarfolk på skulen, som dei styrde med myndi hand. Elevane fekk læra hus- og matstell og vanleg gardsarbeid. Teorifag var norsk, rekning, geografi, historie og helselære. Lund sjølv underviste i jordbruksfag og helselære, og fru Lund i kjøkenstell og matlaging. Marta Skår frå Øystese var vevlærar, og Ingeleiv Utne, syster til fru Lund, var handarbeidslærar. Ellers var det mange lærarar innom skulen. Dei som er interesserte, kan finna meir om denne skulen i Kvinnhersminne IV (1988), der Eldbjørg Døssland skriv om skulen, og i allmennbindet av bygdeboka.
Etter at Hoelfeldt-Lund var død, tok den eldste sonen med same namn over garden. Han var ingeniør og hadde mange oppdrag i utlandet. Garden vart pakta vekk. Paktarar var mellom andre Gunnar N. Røssland, J.O. Sandvik, Peder Molvik, Lars G. Berge og Per Sandvik.
Seinare eigarar var brørne Per og Johan Hoelfeldt-Lund. I den siste tida deira vart det gjort mykje arbeid i skogen, med grøfting og planting. Det vart grave 11 000 meter med grøfter og sett ned 400 000 plantar, for det meste vanleg gran.











