Øvst har bringekluten eit 5,5 cm høgt perlenett av kvite, grøne og oker perler. Motiv er Ave Verum monogram med kvite Andreskors inni rutene. Ingen kvarde, men store kvite sting kan tyda på at det har vore ein dekor øvst. Bakside av beige bomullsstoff med rosa trykt mønster, som går heilt fram til det raude ullstoffet (13 x 6 cm) som perlenettet er montert på. Mønstrete trykte bomullsstoff som sidefelt. Svart fløyel i midten, høgde 11 cm. Bringekluten er montert for hand og er 28 cm høg og 23 cm brei øvst, 22 cm nedst.
Denne typen bringeklut med brei bord finst det mange av på Tysnes, men det vanlege er at ein har små kvite kors inni dei store rutene. På dette eksemplaret dannar mønsteret heller eit reint rutemønster. Legg merke til det fine, småmønstrete bomullsstoffet. Bringekluten er av den lange typen, noko som tyder på at han er frå seint på 1800-talet. Frå Reksteren, har tilhøyrd familien til Ingrid Borgen i Uggdal, f. 1916.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar