mandag 29. april 2024

Bringeklut med finsleg mønster



Ein heller beskeden bringeklut frå siste perioden med folkedrakt, men framleis rik på symbol. Broderi i raudt (botnfarge) og litt blått, svart og lilla, ullgarn i klostersaum på stramei 12,5 x 5 cm. Stinga går i to retningar. Sikksakk mønster delar opp heile underlaget, som eit Ave Verum monogram. Midt i broderiet ruter på kant med små valknutar inni. Valknuten må vera eit av dei eldste symbola, kjent over heile verda. Små blå kors øvst er heller ikkje tilfeldig. Kvarde av svart fløyelsband med blomemønster. Metallblonde øvst på midtfelt av kraftig grønt valka ullerret ca. 15 x 16,5 cm. Slik metallblonde er typisk for slutten av 1800-talet. Mønstertrykt bomullslerret i sidefelta. Sidefelt og bakstykke av lyst bomullslerret. Ytre mål er 23 x 27,5 cm. Bringekluten er montert for hand.




 

søndag 14. april 2024

Tysneshuve - konehuve

 



Tysneshuve av svart ullstoff. Hua består av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke, fôra kvar for seg med ubleika lerret (evt. lin) og så sydde saman med maskin slik at sårkantane viser inni huva. Breidde midt bak er 35 cm, høgde midt bak 33 cm. Dobbel skråklipt kvit bomullslist er festa under det svarte silkebandet i ansiktsopninga. Denne kvite lista (som kunne sprettast av og vaskast) var tidlegare av lin og til bestbruk, kan vera rest etter eit underlin på 50 x 50 cm som vart lagt over håret. Nedst er huva kanta med eit svart fløyelsband med rosemønster, det kan også ha vore eit trekkband til å regulera vidda. Gifte kvinner hadde svart huve med svart kvaring og svart silkeband som vart lagt rundt huva og knytt i nakken, men få slike huveband er bevarte. Ugifte kvinner hadde blå huver. Fløyelshuver var til stor stas. Det går historiar om at mønsteret til huvene vart laga ved at kona sette seg og huvemønsteret vart rissa etter baken, kan henda er det forklaringa på at huvene etter kvart vart store! Tysneshuva, også kalla lurahuve, vart brukt av enkelte eldre kvinner til langt inn på 1900-talet.