torsdag 24. mars 2022

Bord til bringeklut med bokstavar

 


Dette er broderi til ein bringeklut som aldri kom i bruk! Det er sydd med tynt ullgarn på stramei med korssting og perler. Raude korssting i botnen, blått og grønt garn inni motiva. Tre perla og sydde "kruner" med kvite, svarte, gjennomskinlege og "gull" perler. Små rosettar med gjennomskinlege og raude perler rundt "krunene". Bokstavane MODH er brodert med rosa garn. Broderiet er 6,5 cm høgt, er umontert og utan bakstykke.



søndag 13. mars 2022

Grønt overliv med grindvovne band

Grønt overliv i kraftig kypertvove ullstoff, kanta med tre cm breie grindvovne raude band med blå hjarterosettar (kløver). Banda går ikkje heilt ned midt foran, og det manglar fire cm band under ermane, dette var vanleg. Hekte/malje der banda sluttar framme. Valk i livet, omlag fem cm i omkrins. Overlivet er utan fôr, men med skoningar av stripete bomullsstoff rundt halsen og framme. Side- og skuldersaumar er maskinsydde og bretta til sides. Ryggen skrår inn til berre 14 cm i livet. Andre mål: Vidde i livet 77 cm, høgde midt framme 35 cm, høgde i sida 22 cm, rygghøgde 40 cm og skulderbreidde 13 cm.  Overlivet høyrer til den siste epoken med folkedrakter.







 



tirsdag 1. mars 2022

Klassisk bringeklut med bord

 



Bringekluten har eit brodert felt på stramei 6,5 x 16,5 cm med korssting i ullgarn, samt perler. Motiv er romber/greske kors, samt små kors, omkransa av ymse perlerader. Kvite, gjennom-skinlege, brunlege, svarte og blå perler, i kombinasjon med raudt og gult garn, grønt i botn. Kvaring av to cm raudt stoff øvst. Svart felt av brokadestoff 14,5 x 16,5 cm. Sidefelt med mønster som peiker bakover i tid. Bakstykkestoff av stripete bomullsstoff. Ytre mål  er 23 x 26 cm. Klassisk lang bringeklut med bord, brukt til seinare overliv. Avstiva med papp og truleg montert for hand.