Denne bringekluten er brodert på eit teljestoff i bomullskvalitet. Leggjesaum og korssting i blått ullgarn dannar bakgrunnen. Gjennomskinlege perler dannar eit motiv som liknar eit tre eller kanskje ein tulipan? Bokstavane BR AD er brodert med perler, D står for dotter. Bringekluten er ikkje ferdig montert, både bakstykke og bord oppe manglar. Broderte initialer ser ein helst på dei eldste bringeklutane. Evt kan det vera snakk om ei ettermontering. Uansett er dette ein uvanleg bringeklut!
Broderiet måler ca. 14 x 14 cm og bringekluten er 18 cm høg og 23 cm brei.
