Overliv av tjukt ullstoff/vadmål, med tilbaketrekte sidesaumar. Rygghøgde er 38 cm, breidde over ryggen 40 cm, smalnar inn nede til ni cm. Svarte fløyelsband med mønster i orange, grønt og blått i hals, framme og rundt heile armhola (men på eldre type overliv går ikkje banda saman under ermane). Metallband innanfor. Skoning/kant av rutete bomullsstoff i livet, med fire krokar til å hekta stakken på. Fôr av kvitt lerret. Det meste er handsaum. Overlivet har vore lukka med hekter/maljer i livet. Dette overlivet høyrer til den seinare folkedrakta.
søndag 11. juli 2021
søndag 4. juli 2021
Bringeklut brodert på både lin og stramei
Broderi i raudt, blålilla, grønt, gult og svart ullgarn på linstoff som også viser som kvite innslag i motivet. Borda måler 16 x 6 cm. Teknikk er klostersaum og smøyg. Motiv er romber med greske kors inni. Tettsydde border i fleire fargar rammar inn broderiet, desse er sydd på stramei. I midten eit felt med svart ullstoff 16 x 15,5 cm. Rosastripete sidefelt. Ytre mål er 28 x 28 cm. Bringekluten verkar handsydd. Baksidestoff av flanell med rombemønster i beige, brunt og lilla. Dette er montert slik at ein kant viser framme. Det spesielle her er at det er nytta både lin og stramei som underlag for broderiet. Bringekluten høyrer til den seinare folkedrakta.
Abonner på:
Innlegg (Atom)