søndag 29. august 2021

Mansjettar til kvinnedrakt


Nydelege mansjettar av kvitt bomullsstoff, maskinsydde med stikning langs kantane. Lengde 20/22 cm og høgde 6,5 - 7 cm. Den knipla to cm breie blonden med "nett", tunger m.m. er sydd fast 3/4 cm inn på rettsida av mansjetten. Mansjetten blir lukka med to knappar og knapphol med 4,5 cm mellomrom. - Fine små plagg som også kan ha vore brukt til stasbruk i overgang mellom folkedrakt og moteplagg, framom ei ermetrøye eller seinare ei knappetrøye. Sidan mansjettane er maskinsydde må dei vera frå tidlegast siste tiåra av 1800-talet. Kanskje det er nokon som kjenner til slike brukt på Tysnes?

mandag 9. august 2021

Også ein slitt bringeklut


Handsydd perlebrodert bringeklut: Kvite, blå og gule/orange/brune stråperler og runde perler på svart ullstoff. Hovudmotiv er to åttebladsroser og små rosettar. Raud ullkvaring øvst. Bringekluten er montert på gråbrunt ullstoff som er slitt slik at baksidestoffet kjem til syne under. Det spettete stoffet nede er kanskje sydd på i ettertid. Bringekluten har eldre preg og er nokså slitt, men den høge forma peiker også litt framover i tid, då overliva tok til å bli lengre. Svært lik forrige bringeklut, truleg frå same eigar.

søndag 1. august 2021

Ein slitt bringeklut




Handsydd, perlebrodert bringeklut: Kvite, gull og blå stråperler på svart ullstoff, sydd på med kvit lintråd. Motiv er åttebladsrose og greske kors. Raud fløyelskvaring og kvit, taggete perlerad øvst. Sidefelt av bomullsstoff med trykte motiv, gammalrosa og blå. Ein kant av baksidestoffet av strie eller jute viser også framme. Bringekluten er nokså slitt og har eldre preg, men den høge forma peiker også litt framover i tid, då oveliva tok til å bli lengre.