søndag 1. september 2019

Skjortebryst



Dette er eit nyare, maskinsydd plagg. Skjortebrystet har eit lite bakstykke. Dekor med biser i fronten og ei 2,5 cm brei list med plattsaumbroderi. Halslinninga er 3 x 40,5 cm. Skuldersaumar er handsydd og lagt ned for hand. To knappar og knyteband nede.😊

Skjortelinning


Linninga er 38 cm langt og 4,5 cm høgt. Teknikk er knipling med hekleborder ytterst på langsida.  Motiv er romber og Andreaskors. Broderiet er sydd fast til linstoffet, som er falda inn 0,5 cm med kastestyng. Stoffet kan vera slitt eller klyppt av på eine sida. Kan dette ha vore brukt som ei slags halvskjorte? 

Stakkalinning - eller kanskje belte?


Dette har anten vore ei stakkalinning eller eit belte. Det er brodert på det som truleg er ein tidleg type stramei med grønt og raudt ullgarn i korssting og med gjennomskinlege perler. Motiv er Andreaskors og romber. Raud sikksakk - bord langs eine langsida, fylt ut med blått i smøyg. Merke etter tråklesting med brun lintråd langs andre sida. Fôr og lukking er fjerna. Det måler 72 x 2,5 cm. Historikk er ukjend, men teknikk og motiv kan tyda på at dette kanskje er frå 1870-åra.


Skautaband




Det er brodert på bomullsstoff med plattsaum. Motiv er åttebladsroser. Primhol i midten og fem primhol mellom rosene. Lengde 43 cm, breidde 2,5 cm. Broderiet på det umonterte stykket er 24 cm langt.

Diverse band

Metallbanda er ein cm breie og 22/30 cm lange, truleg tenkt til dekor på bringeklutar. Kroklissen nederst er sju millimeter brei, men noko ujamn. Denne kan vera tenkt til dekor på overliv, innanfor andre band. 



Under: Mønstra silkeband som kan ha vore dekor på bringeklutar. 😊










😊

Vevde band

Dette er ein rull med 1,5 cm breie vevde band. Renning av hamp/lin, samt gul og grøn stripe på sidene. Innslag av raudt, tynt ullgarn. Motiv er Andreaskors/romber. Kan banda vera tenkt til hårband? Kjenner ikkje til slike band på overliv frå Tysnes. Banda er kjøpt på auksjon i si tid, og kan også ha vore "importert frå eit anna draktområde.



Det tettvevde bandet måler 56 x 2,5 cm og kan ha vore tenkt som stakkalinning. Ubleika bomull i renninga på sidekantar. Innslag av tynt ullgarn i raudt, blått og bondeblått. Motiv er Andreaskors og romber.😊




Overliv - "nasjonalliv"



Typisk overliv til "Nasjonalen" i raudt/rosa silkestoff. Det er kanta med 2,5 cm breitt bomullsband med rosemønster. Nederst framme er det skøytt på med sju cm svart glansa stoff (istadenfor band) - alt sydd på med maskin. Nede ein kant i silkestoffet. To par hekter/maljer i livet.😊



Fargerik bringeklut med blå stråperler



Denne fargerike bringekluten har eit perlebrodert midtfelt på ca 14 x 14 cm med ein fire--blada blom og åttebladsrose i midten. Det er brukt kvite, gull og blå stråperler, samt grøne og kvite perler. Bringekluten er ca 27 cm brei og 23 cm høg og er truleg montert for hand. Øverst er det ein tre cm blå silkekvaring med ein gullknipling over. Rosemønstra sidefelt og bakstykke av brunstripete flanell.😊