søndag 25. oktober 2020

Kristnebleie eller dåpssmekke

Kristnebleie, også kalla dåpssmekke var ein mykje brukt dåpsskikk på Vestlandet. Ein la ein brodert duk over brystet på dåpsbarnet når ein heldt det fram til døypefonten. Det er ei smal, avstiva smekke utan knyteband, som var meint å leggja oppå barnet, frå halsen til føtene, utanpå reivene. Kristnebleia var dekorert med forskjellige symbol som skulle halda vonde maktar ute, og såleis vera til vern for barnet. Denne flotte handsydde dåpsbleia er 44 cm lang og 16,5/12,5 cm brei. Dekor på raudt ullstoff av blå, gull og kvite stråperler og kvite og grøne småperler som formar mønster med greske kors, dobbeltkors (som var til dobbelt vern), Andreaskors, åttebladsrose (står for det evige livet) og ei stor rose/Andreaskors i midten. Perletaggar langs kanten, kvite romber nede. Dåpsbleia er kanta med blå silke og fôra med blått bomullsstoff med blomemotiv. Nederst er bokstavane MKKDD, perla av kvite småperler. Me veit at siste D plar stå for dotter. Denne dåpsbleia er svært godt bevart. 

Om kristnebleie på lokalhistoriewiki







søndag 18. oktober 2020

Grøn og raud dåpshuve



Nydeleg tre-blads handsydd dåpshuve i grøn ulldamask, omkransa av to cm breie raude, brosjerte band, samt bomullsblonde som er lagt i folder langs framkanten. Dekor av greske kors/åttebladroser av mjølkekvite, blå og gyldne stråperler på kvar side av huva. Taggekant av kvite perler framme og kryss av kvite og grøne perler over saumane. Vidde nede er 23 cm, ansiktsopning er 28 cm og sidestykka måler ca 10 x 10 cm. Det er restar etter knyteband framme. Fôr av ubleika lin. Huva kan gjerne ha vore brukt saman med ei dåpsbleie frå same buet. Og kanskje huva er laga av restar etter eit overliv i kostbart stoff i den eldre folkedrakttradisjonen?



søndag 11. oktober 2020

Nydeleg påkosta eldre overliv


Nydeleg, godt bevart overliv i silke med brosjerte motiv i grønt, lilla, gult og raudrosa. Kanta med raud silke 3,2 cm brei og breie gullkniplingar langs ermhol, hals- og framkantar, samt gullkniplingar over skuldrene. Det er typisk på eldre overliv at kniplingane ikkje går heilt saman under ermane. Silkekantane er klipt trådbeint og sydd fint til livet med små legg - skråkantar var ikkje vanleg. Nede er det ein 3,5 cm kant av ulike blåmønstra bomullsstoff. Trass i dyrt stoff og gullkniplingar, har ein ikkje hatt nok av same bomullsstoff til kant i livet! Overlivet har tilnærma primærsnitt og måler berre 34,5 cm over ryggen, høgde bak er 37 cm og framme 29,5 cm. Sidesaumane måler 16 cm og skulderbreidde er 15 cm. Fôr av ubleika linstoff. Tre par ringar til snøring. Dette handsydde overlivet høyrer til den eldre drakttradisjonen og er truleg brukt med breitt belte og stakk som går høgt opp i livet. Ein kan rekna med at overlivet er frå fyrste halvdel av 1800-talet.