søndag 23. februar 2025

Skjortebryst for kvinner?

 


Skjortebryst for mann. Plagget er i bomull og er 28,5 cm breitt og 35 cm høgt midt framme To innfelte kiler på 7 x 9/10,5 cm, desse gjev også fasong til den 8 cm høge kragen. Halsopning 6 cm brei, ca. 3 cm høg midt framme. Dekor av hardangersaum med tre ruter på kant. Ei halv åtteadsrose i plattsaum øvst. Smal fald rundt, jare nedst. Alt er fint handsydd. Tilsvarande skjortebryst er blitt registrert i Fana.


søndag 16. februar 2025

Barnehuve - dåpshuve til gut

 

   


Treblads raud huve, truleg av "podepesj" med dekor av perlebrodert åttebladrose på toppen, omkransa av små oker rosettar. På kvar side og midt bak er det perla kløverbladkors. Kvite, blå, oker og grøne perler. Gull stråperler i åttebladrosa. Saumane er dekka av metallband, metallknipling og kvite perler langs framkanten. Huva er kanta med 1,5 cm brei grøn silke med gult sikksakk mønster, såkalla krokvaring. - Huva er sauma for hand med lintråd. Både dekor og montering er nydeleg utført. Delane er fôra kvar for seg (ikkje vrangsydd) med tynt ubleika og smalstripete stoff. Saumane er bretta til kvar side og sydd ned med kastesting. Perlebroderia er sydd gjennom til fôret. 30 cm langt knyteband av vinraud silke. Mål: Vidde nedst 23,5 cm, lengde framme 28 cm og sidestykka måler ca. 11 cm (høgde) x 9 cm. Truleg dåpshuve for gut, jenter skal ha hatt grøne eller blå huver.





søndag 9. februar 2025

Løyert

   
       

Løyerten er sydd av eit bomullsstoff med rutemønster i nedre del og eit lite liv, 25 cm breitt og ca. 14 cm høgt. Kroppsstykket er 60 cm langt og 80 cm vidt, rynka til livet. Løyerten er maskinsydd med smale saumar og blir lukka med to knappar på skuldrene. Den eine spissen på bakstykket blir tredd inn i ein 4 cm høg opning i den andre sida. Løyerten har band til knyting bak og blir knytt saman nede. Denne løyerten kan vera frå 1930- eller 40-talet, men truleg er dette eit plagg som har vore brukt før det. I Digitalt museum står det dette om løyert: "En løyert er et stort stykke stoff med seler over skuldrene og knapper eller bånd for å feste rundt barnet. Når barnet var nyfødt og seks uker fremover, ble løyerten brukt som sparkebukse (som ikke fantes på den tiden). Før barnet ble lagt i løyerten, ble det kledd i skjorte, trøye og bleier. I skrittet ble det brukt en gasbleie (skrittbleie). En flanellsbleie ble så brettet i trekant og lagt over gasbleien, og snippene ble lagt rundt barnet og festet foran. Deretter ble en flanellsbleie (ca 70x70 cm) lagt under og rundt barnet, hvorpå bleien ble dandert rundt beina for at barnet ikke skulle gni beina mot hverandre. Til slutt ble løyerten kledd på barnet og kneppet sammen".

søndag 2. februar 2025

Overliv - eldre draktskikk




Eldre type overliv i tilnærma primærsnitt. Brei rygg, sidesaumane er berre trekt litt bakover. Silke med brosjert mønster i rosaraud, grønt og gult, mørk botn. Kanta med raudrosa 3 cm brei silke og 2 cm breie gullkniplingar langs ermhol, hals- og framkantar, utanom 3 cm under ermane. Silke og fôr er sydd saman med indresaum i sidene og på skuldrene, alt er sydd for hand. Mål: Vidde liv 80 cm, høgde side 15 cm, høgde midt bak 36 cm og skulderbreidde 13 cm. Overlivet er fôra med grønleg linstoff og har merke etter seks par snøreringar. Merk at overlivet har ingen kant eller valk i livet.