onsdag 23. juni 2021

Halvskjorte med holsaum framme


Halvskjorta av bomull er sett saman av eit langt rektangulært stykke på 82 x10,5 cm og to framstykke på 33 x 18 cm, mesteparten av venstre side manglar. Handsydd smal fald rundt, jare er nytta nede. Krage 35,5 x 5,5 cm med enkel uttrekksaum med rombemotiv, taggar øvst. Ein cm tett striperynking. Denne halvskjorta har ikkje brodert bringelist framme, dette skal heller ikkje ha vore vanleg på gamle Tysnes-skjorter. Her er berre ein fin holfald midt framme.






torsdag 17. juni 2021

Trebladshuve til barn



Trebladshuve, truleg dåpshuve. Ei fin huve som er sett saman av både kjøpte- og heimlege materialer. Handsydd med kvit lintråd. Sidestykka, som er 13 cm høge framme og 11 cm breie nede er av stry - eller linstoff, det same kan knytebanda med raudt mønster vera. Midtfelt (5,5/8 cm breitt) av brokade med brosjerte blomar og blad i raudt, grønt og gult på lilla botnen. Vevd band nede med hjarte- og rombemotiv. Raude kantar i silke og brokade. Fôr av lys brun stry eller lin. Dei tradisjonelle huvene av denne typen har vore brukt fleire stader i Noreg på slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. Dei er ofte samansett av fleire typar stoff, dette kunne vera restar av stoff brukt i andre plagg, dette gjev oss informasjon om stofftypar som har vore i bruk.


fredag 11. juni 2021

Svarthuve til kvardags

Stor konehuve av svart tjukt ullstoff/vadmål. Huva består av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Fôr av grovt ubleika lerret. Vadmål og fôr er sydd saman med maskin, slik at sårkanten (kasta over for hand) er synleg inni huva. Kvara rundt ansiktsopninga med skråklipt svart vadmålslist, svart silkeband på framsida. Svart kant av bomullsstoff i halsen, med løpegang midt bak til ei snor av hamp. Breidde midt bak 37 cm, høgde midt bak 35 cm. Dette har truleg vore meir ei kvardagshuve, ettersom huva har einsfarga fôr, kanten nede er einsfarga svart og har snor av hamp. Men silkekanten langs ansiktsopninga er på plass, dette verkar obligatorisk på dei fleste bevarte huver. Kvit bomullslist manglar, har evt. heller ikkje vore på denne huva pga status som kvardagshuve. At dette er ei seinare huve ser ein både på storleiken og på maskinsaumen.



onsdag 2. juni 2021

Bringeklut med bladmønster



Øvst er bringekluten kvara med svart fløyelsband med rosemønster. Strameiborda på 6 x16,5 cm har korssting i grønt ullgarn som dannar bakgrunn for perlebroderte blad i ulike fargar. Perleborder over og under broderiet, samt kvite perletaggar nedst. I midten eit svart ullstoff på 14,5 x 16,5 cm. Lillla rutete og raudblomstrete sidefelt friskar opp bringekluten, det siste er kan henda stoff ein har hatt liggjande. Baksidestoffet av mørk grønt bomullsstoff dannar også ein to cm kant nedst. Ytre mål er 28 x 27/24 cm. Klassisk bringeklut frå siste del av folkedrakta, "figursydd" til smal livlinje. Bladmønster er typisk for denne periden, då ein gjekk meir vekk frå symbolbruk, til rein dekor.