søndag 26. februar 2017

Valk





Denne valken er mykje lik den forrige, men meir avlang i forma. Sydd av bomullslerret. Ei list av dobbelt stoff 34 x 4,2 cm er sydd fast til valken. Valken er stiva opp med halm, tau eller liknande som er lagt i ein halvsirkel rundt hovudforma. Kan vera maskinsydd på vranga. Stoffet er skøytt 2 plassar. Valken blir knytt i nakken med smale bomullsband, 76 cm lange.
Valken kjem frå same hus som Tysneshuva og valken i forrige innlegg. 

Valk





Valken blir brukt under skaut. Tidlegare vart det også brukt valk inni Tysneshuva. Sydd av bomullslerret. Ei list av dobbelt stoff 30,5  x 6,5 cm er sydd fast til valken. Valken er stiva opp med halm, tau e. l. som er lagt i ein halvsirkel rundt hovudforma. Valken er 30 cm brei, 26 cm høg og omlag 2,5 cm tjukk i midten  framme, tynnare mot ytterkantane. Kan vera delvis maskinsydd på vranga. Stoffet er skøytt 2 plassar. Valken blir knytt i nakken med smale bomullsband, 60 cm lange.
Denne valken tilhøyrer same eigar som Tysneshuva i forrige innlegg. Det finst fleire bevarte valkar i privat eige.

lørdag 18. februar 2017

Svarthuve - Tysneshuve




Denne konehuva er frå siste del av 1800-talet. Huva er sett saman av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Huva er 36 cm brei og 34 cm høg. Vadmål og fôr av ubleika bomullslerret er sydd saman, og så er dei to huvedelane sydde saman med maskin. Skråklyppt bomullslist 3 x 41 cm er festa under det svartmønstra silkebandet. Den kvite lista kunne takast av og vaskast. På dei fleste gamle Tysneshuver manglar denne lista. Denne huva er funne under restaurering av eit gammalt hus. Fint bevart trass i nokre hol i vadmålsstoffet! - Det går historier om at mønsteret til desse huvene vart laga ved at kona sette seg og huvemønsteret vart teikna etter baken. Og Tysneshuvene var ofte store! Vart brukt av enkelte eldre kvinner til langt inn på 1900-talet.


fredag 10. februar 2017

Bringeklut med broderi på linstoff



Denne flotte bringekluten frå Skorpo er av den eldre korte typen, 24,5 cm høg og 28 cm brei. Rutete stoff rundt midtfeltet, lagt fint mot bakstykket av kypertvevd ubleika bomull. Raudt brodert felt på linstoff (14,4 x 5,6 cm) med innslag av lilla, blått og svart. Motiv er m.a. Andreaskors. Teknikk er korssting samt mønsterborder oppe og nede. Midtfelt av blått silkestoff med brosjerte blomar/blad, dette stoffet går att i fleire bringeklutar frå Tysnes. Broderi på linstoff kan tyda på at bringekluten er frå før 1870, då den fyrste strameien kom.