lørdag 27. august 2022

Liten hjartebringeklut

 


Bringekluten har eit perla hjarte på raudt ullstoff 11 x 11 cm. Gull, kvite og blå stråperler, samt kvite perler. Åttebladsrose og greske kors i midten. Blomstrete sidefelt, lyst med blå blomar, same stoff i bakstykket. Bringekluten er 24 cm brei og 20 cm høg og har maskinsydd montering. Verkar velbrukt, kanskje kan perlehjarta vera eldre enn resten av bringekluten, men montert på nytt?



søndag 14. august 2022

Overliv - nasjonalliv

 


Overliv - nasjonalliv, men også med lokalt preg. Raudt, kypertvove ullstoff. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster og metallband innanfor. Metallbanda går ikkje heilt saman under armane, dette var vanleg. Tilbaketrekte sidesaumar. Overlivet er maskinsydd, også fløyelsbanda er sydde på med maskin. Saumane er delte og kasta overfor hand. Liten raud/rosa kant nede av bomullsstoff. Fôr av lyst bomullsstoff, kypertvove med trykt mønster. Lukka med to par hekter og maljer. Vidde rundt livet er 68 cm. Ni krokar nedst på livet til å hekta på stakkenSekundært truleg brukt som jenteliv då det er sydd inn med eit omlag to cm legg i kvar side.





onsdag 3. august 2022

Overliv med vovne band og skoningar


Raudt overliv i kypertvove ullstoff med grindvovne ullband i blått, raudt, svart og blågrønt. Under ermane er det berre eit blått, smalt band, dette var vanleg, om det var mote eller for å spara på dei vovne banda er uvisst. Sidesaumane som er trekte bakover, er maskinsydde, lagt til ei side og sydd ned med kastesting. Falden nede er handsydd på same måte. Overlivet er ikkje fôra, to slag stripete skoningar er fint sydde til langs hals og framkantar. Merke etter hekter/maljer. Ikkje merke etter valk nede. Ryggen er 37 cm høg og 42 cm brei, 13 cm i livet. Overlivet høyrer til siste del av folkedraktperioden.


To ulike stripete skoningar


Ryggen smalnar inn i livet


Grindvovne band