torsdag 15. desember 2022

Gul bringeklut



Denne uvanlege bringekluten består av to gule silkebitar, kanta med ein raud silkekvaring oppe. Det kan verka som det er brodert med plattsaum (i fargane rosa, blått, grønt, lilla, brunt) - eller det er brukt bitar av eit stoff med ferdig broderi? Den loddrette skøyten kan tyda på det. Men det var ikkje uvanleg med broderi som skulle likna brosjert silke! Silke var ein dyr og importert tekstil og småbitar av stoffet vart godt nytta. Det gule stoffet er sydd til eit bakstykke av lerretsvevd bomull/linstoff som er falda langs kanten på framsida. Bringekluten har eldre preg, og peiker bakover mot 1700-talet. Alt er sydd for hand. Eigar: Universitetsmuseet i Bergen.

torsdag 8. desember 2022

Med perlenett forma som ei stjerne

 


På denne bringekluten dannar perlenettet ei stor åttebladstjerne av kvite, blå og oker perler. Det er perla frå midten og utover. Rundt perlenettet er det sydd på små stjerner av kvite, blå, oker og grøne perler. Ser ein nærare etter er det raude feltet sett saman av to ulike ullstoff, og skøytt både horisontalt og på sida. Øvst ein fløyelskvarde på to cm. Vifteforma sølvknipling tre cm brei øvst på det raude feltet som er 18 cm høgt og 13,5/12 cm breitt.  Dei rutete sidefelta går over i ein kant på bakstkykket som er av ubleika bomull eller lin. Bokstavane OTDG sydde med kvite perler. Bringekluten er montert for hand og er 25 cm høg og 25/23 cm brei.