søndag 28. mars 2021

Enkel og stilrein bringeklut


Bringekluten har øvst ei bord på 14 x 5 cm, med broderi i raudt, lyseblått, orange og svart ullgarn på lin. Linstoffet viser også som ein del av motivet, m.a. som små Andreaskors inni dei tre raude rombene. Teknikk er klostersaum og smøyg. Tettsydde raude border rammar inn broderiet, ein smal raudlilla kant øvst toppar det heile. Små sidefelt av bomullsstoff ved sida av broderiet Det svarte feltet av ullstoff på 14,5 x 22 cm er sydd fast til baksidestoffet (av ubleika, kypertvevd bomullsstoff), med leggsaum: Ein grøn ulltråd er sydd fast med svart lintråd. Baksidestoffet er falda inn for hand, jare nede. Ytre mål er 32 x høgde 25 cm. Det er typisk for Tysnes med smal bord øvst på mange bringeklutar, men at dette er ein eldre bringeklut som er brukt til kort overliv ser ein av den breie fasongen og at bringekluten er montert for hand rett på bakstykkestoffet. Den enkle og stilreine bringekluten er nydeleg utført!



 


tirsdag 23. mars 2021

Belte med perlenett og ny svart kant

 


Dette kvinnebeltet har perlenett montert på mørk raudt ullstoff. Det er perla frå kortenden, truleg fram og tilbake med ei nål. Perlenettet er så festa til det raude underlaget på kort- og langsidene, evt. på fleire punkt. Gjentakande rapportar (ni heile og to halve) av kvite, gule og grøne romber/Andreaskors. 3/4 cm sølvband og 1,5 cm breitt nytt "satengband" på kantane. Endane er avslutta med eit to cm breitt metallband. Beltet er fôra med ubleika linstoff og er montert for hand. Det måler 9,5 x 85 cm medrekna den svarte kanten som må vera sydd på i nyare tid. Opprinneleg skal det ha vore ein lyseblå silkekant rundt beltet. Beltet er lukka med hekter/maljer og ei stor hekte med lauv, kanskje også av nyare dato. Granskar ein beltet nøye er det ein del perlefeil! Har det kanskje vore perla raskt i dårleg lys? Kven veit, uansett er det eit flott belte!