torsdag 23. desember 2021

Umontert liten hjartebringeklut

 

Med dette vesle hjarta - som ein gong skulle bli ein liten bringeklut ønskjer eg ei God julehelg til alle som les og følgjer bloggen min:-)

Liten umontert bringeklut av raudt ullstoff, berre 19 cm brei og 14 cm høg. Hjarta på 7,5 x 10 cm kan også likna ein engel med sirkelen i midten, og venger på sidene. Det perlebroderte hjarta av kvite perler har ei åttebladsrose og to dobbeltkors, alt av stråperler, supplert med småperler. Påbegynt kant rundt hjarta av kvite og gull stråperler. Det er sydd inn tre små metallspenner, samt ei stor perle i spissen av hjarta. Kanskje er den halvferdige bringekluten laga av eit barn?


mandag 20. desember 2021

Lite raudt overliv med eldre trekk

 


Eit lite raudt overliv. Fôr av ubleika linlerret og ullstoff er sydd saman med maskin i sidene og på skuldrene, saumar er delte men ikkje kasta over. Overlivet er skøytt på 4,5 cm nede framme. Vidde rundt livet er 64 cm, høgde midt bak 37 cm, ryggbreidde i livet er 9 cm og skulderbreidde er 10 cm. Kvara med to cm brei, svart fløyel med kvit perlerad innanfor. Ein del perler er falle av eller fjerna på høgre framstykke. Det manglar tre cm fløyel og perler under ermane, dette er erstatta med eit smalt band. Overlivet er lukka med fire par hekter/maljer. Merke etter krokar i livet til å hekta stakken på. 



søndag 12. desember 2021

Silkesjal med ikatfarga mønsterbord




Velbrukt blått silkesjal med ikatfarga mønsterbord langs kantane. Dei vevde stripene går 9 cm inn frå kantane. Dette er importvare, som også høyrde med til dei gamledraktene, saman med heimlege tekstilar. Sjalet måler omlag 62 x 59 cm og har ein handsydd smal fald, jare på ei side.