onsdag 14. mai 2025

Bringeklut med gammal silkekvarde





Bringekluten har dekor av kvite, blå og gyldne stråperler, samt småperler, montert på raudt to-skaft ullstoff, 13 cm breitt og 15 cm høgt. Motiv er eit stort Andreaskors med åttebladstjerne midt på og fire greske kors rundt, omkransa av små kors og rundingar. Gullknipling med viftemønster, montert over blålilla silke og fløyelsband med rosemønster. Brunmønstrete sidefelt. Baksidestoff av kypertvove sekkestoff/jute.Merk at den 2,5 cm breie kvarden av svart fløyelsband med rosemønster går tvers over heile bringekluten. Dette er montert på seinare, over ein 3 cm brei blålilla silkekvarde som det viser ei 6 mm brei stripe av under kniplingen. På baksida kan ein sjå den gamle monteringa med smale sidekantar av bomull. Bringekluten er montert for hand. Breidde øvst 28 cm, breidde nedst 27,5 cm, høgde 26,5 cm. 


søndag 27. april 2025

Blå understakk i bomull

 

    

Understakk i blått bomullsstoff. Av totalt fem breidder. Dei to midtfelta er 14 cm breie. Midt framme og midt bak er det eit 9 cm langt og 0,5 cm djupt innsnitt. 31 cm lang splitt og 2,5 cm djupe legg i livet i venstre side. Ikkje sidesaum i høgre side. Ikkje linning, men eit 1,5 cm breitt skråklipt band på baksida. Vidde i livet 80 cm, høgde 72 cm. Det glatte, skråklipte feltet før kappa er 140 cm langt og 6 cm høgt med 3 x 2 biser sydd med gul tråd. Den 6 cm høge kappa er lagt i små legg, 0,5 cm fald nedst. 65 cm lange smale knyteband i venstre side. Dei lange saumane er ei blanding av fransk- og indresaum. Sårkant viser øvst på skråklipt felt på vranga. Understakken er svært slitt bak og er nok velbrukt. Stakken er professjonelt maskinsydd og må vera tidlegast frå seint på 1800-talet. Dette er meir eit "moteplagg", men kan gjerne ha vore brukt samstundes med Tysneshuve og sølje i halsen!





søndag 20. april 2025

Velbrukt bringeklut

 


Denne bringekluten kom inn i samband med utstillinga av Bringeklutar frå Tysnes på Breidablikk Anno. Den har ei perlebrodert bord på stramei, 14,5 x 5 cm. Motiv er ruter på kant oppdelt av ein Andreaskors og omkransa av to åttebladroser. Kvarde 2,3 cm av svart fløyelsband med blomemønster. Kvite, gyldne og svarte perler, blå i botnen. Merk at borda ikkje har linjer som rammar inn motiva. Metallband 1,5 cm nedst med tre innvovne raude tråder. Svart felt av fløyel.14,5 x 16 cm. Bringekluten er montert for hand med svart tråd. Innlegg av fleire stofflag. Sidefelt og bakstykke av blått kypertvove bomullsstoff er i eitt samanhengande stykke, det er uvanleg. Liten skøyt nedst på eine sidefeltet. Bringekluten er slitt på baksida, dette tyder på mykje bruk. Mål: Breidde 26 cm, høgde 25/26 cm. Denne mønsterborda (med små variasjonar) finst på fleire bringeklutar frå Tysnes.




mandag 7. april 2025

Bringeklut i smøyg


  

Dette er ein av dei over 150 ulike bringeklutane som blir vist i boka om Bringeklutar frå Tysnes. Teknikk er smøyg, med innslag av klostersaum, sydd på linstoff med tynt ullgarn i fargane raudt, blått, gult/oker og grønt. Det kvite linstoffet viser som trappeforma motiv rundt dei store rombane på høgkant. Bokstavane I (?), H, D og S er brodert nedst, dei siste med ein tjukkare ulltråd. Broderiet er supplert med korssting på sidene og bord med klostersaum øvst. Kvarde av 2,5 cm blå silke, med 1,5 cm breie grindvovne band på sidene. Montering liknar lappeteknikk. Bringekluten er utan innlegg og har bakstykke av stripete blått og kvitt stoff, kan vera lin. Breidde 24/25,5 cm, høgde 20 cm. 






søndag 30. mars 2025

Dåpshuve, truleg til gut.



Treblads barnehuve av burgunder damask, stoffet kan vera falma. Kanta med 1,5 cm brei blå silke og 2 cm brei gullknipling. Ca. 2 cm brei tyll-blonde langs framkanten, lagt i  0,5 og 2 cm breie folder. Dekor av tre greske kors eller åttebladroser av kvite/blå/gyldne stråperler og småperler. Dobbelt kors av stråperler bak. Sikksakk av blå/gyldne/kvite perler langs saumane. Mål: Vidde nedst 23,5, framme 27cm, sidestykke 10 x 10 cm. Midstykket måler bakfrå 6, 9 og  8 cm i breidde. Knyteband av ca. 18 cm smale bendelband. Huva er handsydd. Perlene er sydd gjennom til det ubleika fôret, truleg av lin. Huva kan likna mykje på huva i forrige innlegg, men har anna type stoff og kanting.



Huva sett bakfrå.

søndag 23. mars 2025

Raud barnehuve i ullstoff

 



Handsydd treblads huve i raudt ullstoff, kanta med 1,5 cm breie fløyelsband med roser. Innanfor fløyelsbandet framme er det ein 3,5 cm brei vifteforma gullknipling. Rundt heile huva, unnateke 7 cm midt bak, er det lagt ein 1,5 cm brei blonde i 0,5 cm djupe folder. Dekor framme og på sidene av tre åttebladroser av gyldne stråperler. Perlene er sydd gjennom til fôret av ubleika stoff, truleg linKvite og blå perlelisser langs saumane. Vidde nedst 23,5 cm, vidde framme 27 cm, sidestykka måler ca. 10 x 10 cm.  Truleg dåpshuve til gut, jenter skal ha hatt grøne eller blå huver. Kan henda har denne huva vore brukt i lag med ei kristnebleie, som beskrive i forrige innlegg!


søndag 16. mars 2025

Kristnebleie eller dåpssmekke



Dåpssmekke med silke, perler, kniplingar og metallband som dannar eit stort gresk kors og fleire linjer, alt for å verna barnet. 2 og 3,5 cm breie sølvband, 2,5 cm breie gullkniplingar og snorer/"possement" er lagt i sinnrikt mønster. Vovne sølvband (galoner) lagt i kors er vanleg på eldre dåpssmekker. Eit raudt ullstoff (evt. er det peau de pêche, som er ein imitert fløyelsvevnad av bomull) dannar basis for dekoren. Fire perla åttebladroser rundt det greske korset, samt små kors av gråkvite perler over heile dåpssmekka. Merk at alle perlene er stråforma og ikkje runde. Alt er innramma av vovne sølvband og kanta med 1,25 cm blå silke, som viser litt på baksida. Silken har skråhjørne. Bakstykke av blomstete bomullsstoff. Alt er handsydd. Lengde 43 cm, breidde øvst 21 cm, breidde nedst 13 cm. Les meir om kristnebleie på lokalhistoriewiki.no.

mandag 10. mars 2025

Bringeklut med dobbel uttrekkssaum





Bringekluten har ei 14,5 cm brei og 10 cm høg bord i dobbel uttrekkssaum og klostersaum brodert på lin og montert over raudt vadmål. Ulltråd i mange fargar, hovudinntrykket er raudt. Ruter på kant og Andreaskors dannar eit Ave Verum monogram. Ei smal bord med klostersaum med ei rad små ruter på kant og ei rad med korssting med slyng mot kvarden (3 cm) av svart fløyelsband med rosemønster. Nedst ei rad korssting med dobbelt slyng. Midtfelt av svart klede, 15 cm høgt og 13-14 cm breitt. Sidefelt av lilla- og kvitspetta bomullsstoff, som er bretta litt over til bakstykket av kypertvove lyst stoff. Bringekluten er 28 cm brei og 30 cm høg.



søndag 2. mars 2025

Bringeklut med leggjesaum og perler

 



Bringeklut med grøn bord i leggjesaum og korssting, sydd på stramei. Perler i ulike fargar dannar fem store ruter på kant, kvar oppdelte av kløverbladkors til fire mindre ruter. Over den kvite kruneranda av perler er det blå leggjesaum eller korssting, som dannar eit sikksakk-mønster. Ei stor blå perlelisse er montert på den raude kvarden av ullstoff, voven i ein kypertvariant. Elles er borda inndelt av linjer i raudt, rosa, blått og gult. Bokstavar av gjennomskinlege perler, her er dei grøne stinga sydd i motsett retning. Stripete sidefelt, mønsteret er ikkje heilt parallelt. Blått bomullsstoff med blomemønster nedst. Bakside av kypertvove ubleika bomullsstoff. Bringekluten måler 27 cm øvst, 29 cm nedst og er 26 cm høg. Borda måler 14 x 6,5 cm, kvarden er 2 cm og det svarte feltet er 14 cm breitt og 10,5 cm høgt.




søndag 23. februar 2025

Skjortebryst for kvinner?

 


Skjortebryst for mann. Plagget er i bomull og er 28,5 cm breitt og 35 cm høgt midt framme To innfelte kiler på 7 x 9/10,5 cm, desse gjev også fasong til den 8 cm høge kragen. Halsopning 6 cm brei, ca. 3 cm høg midt framme. Dekor av hardangersaum med tre ruter på kant. Ei halv åtteadsrose i plattsaum øvst. Smal fald rundt, jare nedst. Alt er fint handsydd. Tilsvarande skjortebryst er blitt registrert i Fana.


søndag 16. februar 2025

Barnehuve - dåpshuve til gut

 

   


Treblads raud huve, truleg av "podepesj" med dekor av perlebrodert åttebladrose på toppen, omkransa av små oker rosettar. På kvar side og midt bak er det perla kløverbladkors. Kvite, blå, oker og grøne perler. Gull stråperler i åttebladrosa. Saumane er dekka av metallband, metallknipling og kvite perler langs framkanten. Huva er kanta med 1,5 cm brei grøn silke med gult sikksakk mønster, såkalla krokvaring. - Huva er sauma for hand med lintråd. Både dekor og montering er nydeleg utført. Delane er fôra kvar for seg (ikkje vrangsydd) med tynt ubleika og smalstripete stoff. Saumane er bretta til kvar side og sydd ned med kastesting. Perlebroderia er sydd gjennom til fôret. 30 cm langt knyteband av vinraud silke. Mål: Vidde nedst 23,5 cm, lengde framme 28 cm og sidestykka måler ca. 11 cm (høgde) x 9 cm. Truleg dåpshuve for gut, jenter skal ha hatt grøne eller blå huver.





søndag 9. februar 2025

Løyert

   
       

Løyerten er sydd av eit bomullsstoff med rutemønster i nedre del og eit lite liv, 25 cm breitt og ca. 14 cm høgt. Kroppsstykket er 60 cm langt og 80 cm vidt, rynka til livet. Løyerten er maskinsydd med smale saumar og blir lukka med to knappar på skuldrene. Den eine spissen på bakstykket blir tredd inn i ein 4 cm høg opning i den andre sida. Løyerten har band til knyting bak og blir knytt saman nede. Denne løyerten kan vera frå 1930- eller 40-talet, men truleg er dette eit plagg som har vore brukt før det. I Digitalt museum står det dette om løyert: "En løyert er et stort stykke stoff med seler over skuldrene og knapper eller bånd for å feste rundt barnet. Når barnet var nyfødt og seks uker fremover, ble løyerten brukt som sparkebukse (som ikke fantes på den tiden). Før barnet ble lagt i løyerten, ble det kledd i skjorte, trøye og bleier. I skrittet ble det brukt en gasbleie (skrittbleie). En flanellsbleie ble så brettet i trekant og lagt over gasbleien, og snippene ble lagt rundt barnet og festet foran. Deretter ble en flanellsbleie (ca 70x70 cm) lagt under og rundt barnet, hvorpå bleien ble dandert rundt beina for at barnet ikke skulle gni beina mot hverandre. Til slutt ble løyerten kledd på barnet og kneppet sammen".

søndag 2. februar 2025

Overliv - eldre draktskikk




Eldre type overliv i tilnærma primærsnitt. Brei rygg, sidesaumane er berre trekt litt bakover. Silke med brosjert mønster i rosaraud, grønt og gult, mørk botn. Kanta med raudrosa 3 cm brei silke og 2 cm breie gullkniplingar langs ermhol, hals- og framkantar, utanom 3 cm under ermane. Silke og fôr er sydd saman med indresaum i sidene og på skuldrene, alt er sydd for hand. Mål: Vidde liv 80 cm, høgde side 15 cm, høgde midt bak 36 cm og skulderbreidde 13 cm. Overlivet er fôra med grønleg linstoff og har merke etter seks par snøreringar. Merk at overlivet har ingen kant eller valk i livet.

søndag 26. januar 2025

Overliv - sein draktskikk

 



Fint handsydd overliv frå siste periode med den gamle, lokale draktskikken! Livet er i grønt ullstoff/klede med smal rygg (12 cm i livet). Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, unnateke 6 cm under armane og 5,5 cm midt framme, som er kanta med silkeband. Ca. 1 cm brun kant/band i livet og ein smal valk av linlerret med diameter 1,5 cm. Høgde framme 35 cm, høgde rygg 38,5 cm, breidde skulder 11,5 cm, høgde side ca. 21 cm, vidde liv ca. 70 cm. Fôra med ubleika lerret, truleg bomull. To hekter i livet til å festa på stakken. Lukka med tre par hekter/maljer. Merke etter tre par ringar på vranga, truleg ein "rest" etter dei gamle, korte snøreliva. Overlivet er stiva opp midt framme øvst, ca. 7 x 14 cm. Fyrste kjende eigar var fødd i 1885, men overlivet kan like gjerne vera frå ein generasjon før.


søndag 19. januar 2025

Forseggjort barnehuve

 


Treblads barnehuve i tynt bomullsstoff med striper og romber i stoffet. Sidestykka måler ca. 10 x 10 cm og har ein liten skøyt på høgre side. Midtfeltet måler bak 3 cm, lagt i eit legg til 0 cm og aukar til 5,5 cm framme i panna. Sidefelt og midtstykke er sett saman med to cm hekla eller knipla felt i mellom. Framkanten måler 28,5 cm, der er det ein foldelagt, truleg hekla blonde 1,5 cm brei. Alt er handsydd med smale saumar. Huva er utan fôr og har ikkje løpegang nedst. Knyteband på 0,4 x 14 cm. Fyrste kjende eigar var fødd i 1885, kan henda var det hennar dåpshuve?




søndag 12. januar 2025

Mørk blå jentehuve

    


Mørk 3-blads blå jentehuve i peu de pêuche. Kanta med mønstrete silke (kan henda gjenbruk av eit silkesjal) 3 cm brei framme, ca 1,5 cm nede. Kvite perlelisser er sydd på langs silkekanten. Huvesaumane er dekka av 6 mm breie svarte og beige sikksakk-band. Huva har fôr av bomullsstoff med trykt småmønster, alt er fint handsauma. Restar etter 1,5 cm breie raude ullband til knyting.

Mål:  27 cm langs framkant, 21 cm nedst, høgde side 11, breidde midtstykke bak 5 cm,  breidde midtstykke framme 8 cm.

Dette er truleg ei jentehuve fordi gutehuvene var raude og jentehuvene blå eller helst grøne. Huva stammar frå Gjersheim på Hamarhaug, som høyrde til Tysnes kommune fram til 1907.

onsdag 1. januar 2025

Ermetrøye



Ermetrøye, også kalla undertrøye eller ullaskjorte. Dei mange delane på den vesle trøya er fint sauma saman for hand. Framstykka er sett saman av tre delar, det same er ryggen. På begge forstykka er det to striper à 3 rader med ørsmå kjedesting, blågrå i midten omkransa av kvite rader. Ermane er sett saman av eit hovustykke og ein 33 cm lang og 9 cm brei kileforma del. Langs halskant og framme er det kanta med eit smalt grønt band (ca. 1 cm og 0,5 cm på baksida). Ermane er kanta med 2 cm breitt svart fløyelsband med blomemønster og ei kvit og blå perlelisse. Innanfor fløyelsbandet ein 4,5 cm brei skoning med raudt og rosa småblomstrete bomullsstoff. 5 lang splitt, lukka med hekte og malje. Trøya er heilfôra med tynt, ubleika lerret, kan vera lin. Saumen i ermholet vender ut, sydd med attersting og kasta over. Raud sytråd. Trøya er lukka med to par hekter og maljer. 



                                  

Mål:
Skulder 10 cm
Høgde midt framme 31-32 cm
Høgde midt bak 36,5 cm
Breidde rygg nedst 14 cm
Ryggbreidde 28 cm
Høgde side 20 cm
Vidde liv 68 cm
Lengde arm 53/46-47 cm
Vidde arm 32/19 cm
         '
'