søndag 29. mars 2020

Særprega gammal bringeklut


Denne bringekluten er truleg svært gammal, kan ha vore brukt til korte overliv rundt 1850 - eller kan henda før? Perlebroderi  med svarte, grøn/brune og lyse perler på raudt tosklaft ullstoff. Hovudmotiv er åttebladsroser og romber. Bringekluten er montert for hand på eit lyst grovvevd linstoff som er falda langs kanten, dette stoffet dannar dermed også fôret. Øverst har bringekluten ein gul silkekant, dette peiker også bakover i tid. Til bringekluten er det festa ein gammal lapp med skrift som er vanskeleg å lesa. Eigar: Bergen Museum. Foto: Britt K Rage.



søndag 22. mars 2020

Bringeklut med stråperler



Denne typen bringeklut, som det er registrert fleire av, kan ha kome frå Ølve eller Jondal og såleis ha vore brukt til Hardangerbunad. Bringekluten måler ca 27 x 25 cm og er montert for hand og det verkar som den er stiva opp med papir. Midtfeltet av raudt ullstoff på 15 x 16,5 cm har ei stor åttebladrose av blå og kvite stråperler. Mindre åttebladsroser av gyldne og mjølkekvite stråperler, supplert med større blanke perler og mindre kvite, bondeblå og okergule perler. Øverst ein 3,5 cm høg svart fløyelskant, samt eit sølvband på det raude feltet. Beige sidefelt av bommullsstoff med mønster av små raude firkantar. Bakstykket av brunt bommullsstoff viser framme, falden er fint sydd til for hand.



tirsdag 17. mars 2020

Påkosta og arbeidskrevande bringeklut.



Stor, påkosta og arbeidskrevande bringeklut som truleg har vore brukt til Hardangerbunad eller "nasjonalen". Den er montert delvis med maskin og er truleg frå tiåra rundt 1900. Bringekluten måler ca 27 x  33,5/32 cm og har blårutete bommullsstoff som sidefelt og bakstykke. Feltet av raudt ullstoff på 16 x 19,5/17 cm har perlebroderi av gyldne stråperler og veldig mange småperler i kvitt, grønt, oker og svart, tredd inn på tråder. Mønster er ei heil og to halve åttebladsroser, romber og kors. Øverst svart fløyelskvaring 6 cm høg, dessutan  kvite perletaggar og kors, samt stråperler.



søndag 15. mars 2020

Klassisk "nasjonalliv"



Overlivet er sydd for maskin og hand i tynt ullstoff. Skulder - og sidesaumar er trekt bakover. Kanta med to cm breitt rosemønstra silkeband langs armhol, hals og framme. Ein cm breie metallband innanfor, desse går ikkje heilt saman under ermane, slik ein også ser på dei eldre, korte overliva. Høgde midt bak er 41 cm. Ryggen smalnar inn nede til 16 cm. Eit firkanta ullstoff  på 2,5 x 2,5 cm på ryggsaum inni livet,kan ha vore ei forsterking. Ubleika lerret til fôr. To par hekter/maljer i livet og to på ryggen, til å hekta stakken på. Typisk overliv som har vore brukt til "Nasjonalen", men likevel med sitt særpreg!


søndag 8. mars 2020

Flott bringeklut med perlenett



Hovuddekor er eit 11 x 11 cm perlenett med stor åttebladsrose av kvite, gull og grøne perler montert på raudt ullstoff. Eit svart bomullsband med rosemønster øverst. Raudmønstra sidefelt og rosa bomullsstoff med små blomar nedanfor perlenettet. Bringekluten har fôr av lysebrunt bomullsstoff og er montert for hand. Montering av fôret verkar sekundært, det same gjeld bandet øverst. Denne bringekluten kan eventuelt ha kome til Tysnes frå Osterøy, slike lange broderte bringeklutar skal vera typisk for Nordhordland.



søndag 1. mars 2020

Belte eller sele?



Umontert sele (evt. belte men noko kort til det) i toskaft raudt ullstoff. Stoffet måler 63 x 7 cm og det er kasta over med kvitt garn. Broderiet måler 53 x 5 cm. Det er brodert med tynt garn (truleg ullgarn) i fargane kvitt, lilla, grønt og gult. Teknikk er korsstyng og holbeinstyng, samt stilkestyng langs kanten Rapportar med fem åtte-bladsstjerner og fire romber med små åttebladsstjerner inni. Ein flott plaggdel som aldri kom i bruk!