mandag 31. oktober 2022

Overliv med grindvovne blå band

 

Fint bevart overliv med grindvovne band.

Dette overlivet i raudt kypertvove ullstoff har også grindvovne band, men her er hovudfargen blå, dette er mønster og fargar som går att på fleire liknande overliv. Tilbaketrekte side- og skuldersaumar, desse er sydde med maskin og bretta til begge sider og kasta ned for hand. Banda er i blått, raudt, grønblått, lakserosa og svart ullgarn, med "kross og kringle" mønster i raudt. Banda er sydd på med maskin. Overlivet er utan fôr, dette er typisk for denne type overliv. Skoning framme av beige/brunt bomullsstoff, samt ein brunleg, flanelliknande skoning rundt halsen. Ei fin kanting, eller skoning av mønstrete stoff rundt armhola, dette er uvanleg. Smal kant av rutete bomullsstoff nedst. Mål: Ryggbreidde 30 cm (under armane) og berre 6,5 cm i livet. Rygghøgde 39,5 cm, høgde framme til snipp 30 cm, skulderbreidde 9,5 cm, høgde i sida 20 cm og livvidde 70 cm. Overlivet er lukka med tre par halvstore hekter.

Ryggen smalnar inn i livet.


På vranga: Saumane er fint kasta over.


Skoning rundt armhola er ikkje vanleg.


Detalj av dei grindvovne banda.






Overliv med sjeldne grindvovne band



Dette overlivet i kypertvove ullstoff har smal rygg (breidde 30 cm under armane og berre 9,5 cm i livet). Side- og skuldersaumar er trekt bakover, maskinsydde og bretta til begge sider, men ikkje kasta over. Grindvovne band i blått, raudt, grønt og lakserosa på svart botn, sydd på for hand. Banda har "kross og kringle" mønster (eller rombe og Anreaskors). Framme er banda skøytt på med fem cm lange fløyelsband. Under armane er det eit 10,5 cm langt stykke av svart fløyel, det var vanleg å skøyta på banda slik. Denne type overliv er som oftast utan fôr, dette livet har berre ein fin skoning framme og rundt halsen av beige/brunt bomullsstoff med blomemønster. Kvite smale kroklisser innanfor bandet, fint avrunda der banda sluttar. Smal kant eller liten valk av ubleika stoff nede. Andre mål: Rygghøgde 38,5 cm, høgde framme til snipp 33 cm, skulderbreidde 11cm, høgde i sida 19 cm, livvidde 69 cm. Overlivet er lukka med tre par halvstore hekter.

Skoning framme og rundt halsen.


Overlivet bakfrå.


Detalj av banda.


Fint på vranga også!









mandag 10. oktober 2022

Forkle brukt til kjolemote

 


Forkle av svart silke, maskinsydd. Forkledet er 37 cm breitt øvst og 67 cm breitt nedst. Høgde  65 cm. Midtfeltet er 17 cm breitt øvst og 29 cm breitt nedst, med ein horisontal rad dekor av svart blonde og brunleg blondeband med "duskar" av raudt, grønt og lilla. Svart blonde som kant nedst. Det kan ha vore knyteband i livet. -  Slike forklede var vanleg siste 10-åra av 1800-talet. På Tysnes kunne dei bli brukt til kjole eller liv og stakk, gjerne med Tysneshuve og ei lita sølje i bringa. Forkleda var ofte importerte (kom m.a. med sjøfolk). Forkleda fekk no skråbreidder, på same måte som kjolemoten. Tidlegare var forkleda rektangulære stykke, der vidda vart teken inn i livet med rynker og linning, eller løpegang og snor (eldst).