søndag 29. november 2020

Grønt overliv kanta med fløyelsband


Dette overlivet i grønt ullstoff er kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, kvite perletaggar innanfor. Ein smal kant av fløyel under ermane. Rutete liten skoning/kant i livet. Ryggen smalnar av nede og er berre 7,5 cm brei i livet. Rygghøgde er 36 cm, skuldrene på 11, 5 cm er litt tilbaketrekte. Overlivet er fôra med linstoff eller grovt bomullslerret og verkar for det meste handsydd. I livet er det merke etter to par hekter/maljer. Slike overliv med smal rygg representerer siste rest av folkedrakta, før ein gjekk over til lokale variantar av Hardangerbunad, eller "nasjonalen".











fredag 20. november 2020

Sele eller belte med bladmotiv



På denne selen ser me det klassiske bladmotivet, som vart svært vanleg på slutten av 1800-talet, men her med små geometriske figurar i mellom. Det er truleg sydd på stramei. Kvar rapport er omlag fire cm lang. Blada har perler som er gjennomskinlelege, raude, blå og oker. I dei små firkantane mellom blada er det også svarte perler. Botnen er fylt ut med grønt ullgarn i korsstyng. Selen er kanta med svart fløyelsband med rosemønster. Bakstykket er truleg av lin, evt bomullsstoff. Kanskje har selen blitt brukt som belte seinare.

lørdag 14. november 2020

Fin gammal bringeklut


Denne enkle, fine bringekluten har perledekor av kvite, gull og blå stråperler og småperler: To åttebladsstjerner over kvarandre, med halve åttebladsstjerner rundt, alt montert på eit raudt ullstoff som måler 13,5 x 13,5 cm. Det raude stoffet, som er skøytt nede, er sydd fast til eit tynt linstoff (23,5 x 21 cm) med leggsaum over ein mørk tråd. Ein liten kant av dette bakstykket er bretta fram. 4,5 cm svart fløyel øverst. Denne bringekluten har tydelege teikn på at den kan høyra til den eldre folkedrakttradisjonen (før 1860-70); er kort, handmontert rett på linstoff og med leggsaum. Bringekluten kan verka enkel, men har nok vore nytta til høgtid og stas.


søndag 8. november 2020

Brodert sele


Denne selen, som evt seinare kan ha vore brukt som belte, måler 69 x 4 cm, og har eit 15 cm langt endestykke. Her er gjort ein reparasjon med maskin. Det er brodert på stramei med korsstyng med tynt ullgarn i fine avstemte fargar: Rosa, ubleika, brunt, grønt, olivengrønt og raudt på blå/turkis korsstyngsbotn. Selen er kanta med ei brun snor. Bakstykket er av linstoff. Rosemønster (seinare mykje brukt på sofaputer) vart vanleg i denne perioden. Det var stas med nye mønster og ein gjekk meir bort frå geometriske motiv som også kunne ha stor symbolverdi. Så symbolbruken i tekstilar forsvann meir og meir på denne tida. Fyrste kjende eigar var fødd på slutten av1860-talet, så dette kan evt vera brugdomssele frå 1890-talet.

søndag 1. november 2020

Sølvband


Nydeleg gammalt metallband, truleg av sølv. Slike metallband kunne bli brukt til dekor på bringeklutar, belte og dåpsbleier. Tilsvarande band også som kanting av overliv, innanfor ein kant av stoff eller band. Det øverste bandet (med detaljfoto under) er særs forseggjort med innlagt mønster av kantståande romber. Dette motivet betyr at det er noko som er i rørsle. Det nederste bandet ser ut til å vera ei blanding av stoff og metall. Ein kan rekna med at dette er "kjøpeband" og her er nok ein rest av noko som var tenkt brukt på eit plagg.