lørdag 29. august 2026

Breitt belte med perlenett




Nydeleg gammalt belte med perlenett med gjentakande rapportar av kvite, gule og grøne romber med små andreaskors i midten, totalt ni rapportar og to halve i endane. Lite blått kors i midten av rombene. Perlenettet er montert på raudt ullstoff. Beltet er kanta med klassiske, svarte fløyelsband med lilla og grønt mønster, samt ein smal gullknipling – eller band – på langsidene. Endane på beltet er avslutta med eit to cm breitt, vove metallband, såkalla galon. Beltet er lukka med tre hektepar, har fôr av blåmønstra bomullsstoff og er sjølvsagt montert for hand. Det måler 8 x 69 cm. Beltet har lege i ei kiste saman med m.a. det grøne livet i fløyel/plysj frå førre blogginnlegg, og kan ha vore brukt i lag med dette eller eit anna kort overliv.



English summary: Historic Beaded Belt

  • Features a detailed beaded net (perlenett) with nine full repeating patterns and two half-repeats at the ends. The design consists of white, yellow, and green diamonds containing small St. Andrew’s crosses, with a small blue cross at the center of each diamond.

  • Mounted on red wool fabric. It is edged along the long sides with classic black velvet ribbon featuring a purple and green pattern, alongside a narrow gold lace/trim.

  • The short ends are finished with a 2 cm wide woven metallic ribbon (galon). The belt fastens with three pairs of hooks and eyes, is lined with blue-patterned cotton, and is completely hand-assembled.

  • Found preserved in a chest alongside a green velvet/plush bodice (liv), suggesting it was originally worn together with that piece or another short bodice.


onsdag 19. august 2026

Grønt overliv av fløyel/plysj

 


Eldre type handsydd, kort overliv med breie skuldrar, av grøn fløyel/plysj. Dei rette sidesaumane er trekte litt bakover. Overlivet er kanta med 14 mm breie, brunraude/gule band langs ermhola, halsen og framme. Innanfor banda er det merke etter 2,5 cm breie band, i tillegg til tilsvarande merke på skuldrane og ryggen – dette kan ha vore vovne sølvband, såkalla galonar. Det manglar 8–9 cm av «bandet» under armane, noko som var typisk for dei gamle overliva. Det kan ha vore valk nede. Fôr av blått/ubleikt ikatfarga bomullsstoff. Seks par snøreringar. Legg merke til den nesten runde halsringinga. Overlivet har nok i si tid vore brukt til stor høgtid.

Mål: 
Vidde liv: 80 cm 
Høgde rygg: 32,5 cm
Breidde rygg: 32/36 cm
Høgde framme: 22 cm  
Høgde side: 14 cm
Breidde skulder: 12 cm



English summary

An older, short bodice in green velvet with broad shoulders, straight back-set side seams, and a round neckline. Features six pairs of lacing rings and lacks 8–9 cm of trim under the arms - a hallmark of older styles. A waist roll (valk) may have been attached at the bottom.

Edged with 14 mm brown-red and yellow bands at the armholes, neckline, and front. Shadow markings show broader 2.5 cm silver gallon braid trim was originally present on the inner edges, shoulders, and back. Interlined with blue and unbleached ikat cotton. Its rich materials indicate it was reserved for major celebrations.



lørdag 15. august 2026

Bringeklut med blått perlemotiv



Om bringekluten

Bringekluten har eit flott perlebroderi på raudt ullstoff (sydd over papp) med blå, kvite og store, gyldne perler. Motivet er romber (eller ruter på kant) som dannar store andreaskors, og med små kors i kvar rute. Det raude feltet er ramma inn av blå sikksakklinjer i stråperler og kvite, trekantforma perlelisser.

Detaljar og montering:

  • Øvst: Ein svart fløyelskvarde med blomermønster.

  • Midtfelt: Grønt ullstoff.

  • Sidefelt: Blåmønstra, trykt bomull.

  • Bakstykke: Mørk, rutevove ullflanell.

  • Saum: Montert med symaskin.

Liknande motiv finst også på andre bringeklutar, noko som tyder på at dette mønsteret var på moten i ein periode rundt år 1900 eller noko før.

Historikk

Bringekluten kjem frå Høviskeland eller Håland, og har tilhøyrd anten Anna Malene Høviskeland eller mor hennar, Ingeborg Malene Henriksdtr. Håland (1846–1915).

Mål

Svart fløyelskvarde: 2,5 cm
Raudt ullstoff: 14,5 × 9 cm
Grønt ullfelt: 14,5 × 12 cm
Total breidd: 26 cm
Total høgd: 30 cm

English summary:

This beaded chest panel (bringeklut) from Høviskeland or Håland belonged either to Anna Malene Høviskeland or her mother, Ingeborg Malene Henriksdtr. Håland (1846–1915). Its pattern—diamonds forming large St. Andrew's crosses with smaller crosses inside—was likely popular around 1900 or slightly earlier.

The beadwork uses blue, white, and large golden beads on red wool over a cardboard base, framed by blue zigzag bugle beads and white beaded lace. Machine-assembled, the piece features a top trim of black floral velvet, a green wool middle section, blue-patterned printed cotton side panels, and a dark plaid wool flannel backing.


lørdag 8. august 2026

Grønt vadmålsliv - sein draktskikk

  


Dette overlivet i grønt vadmål er kanta med 2,2 cm breie, svarte fløyelsband med rosemønster – unnateke 5 cm under armane og 4 cm midt framme, der det er svart fløyel. Framme og rundt halsen er det ei raud- og kvitrutete skoning på 6,5 × 20,5 cm. Ein fin detalj er ein 9 × 7 cm stor bit med grønt vadmål som forsterking på vranga midt framme.

Sidesaumane er dregne bakover slik at ryggen blir svært smal, noko som var typisk for moten i den siste delen av folkedraktperioden. Side- og skuldersaumane er maskinsydde, medan resten er utført med handsaum. Overlivet vert lukka med to par hekter/maljer i livet.

Overlivet kjem frå Høviskeland eller Håland og har tilhøyrd Ingeborg Haaland (f. 1908). Livet har òg vore i bruk av mor hennar, Anna Malene (1876–1965), etter at ho gifta seg med Johannes Høviskeland i 1899. Det kan henda livet òg har vore brukt av mormora, Ingeborg Malene Henriksdtr. Håland (1846–1915), men overlivet ho har på seg på biletet i førre innlegg, er kanta med kvite perlelisser. Snittet ber preg av å vera frå 1880 eller 1890-talet.

Mål:

  • Ryggbreidde i livet: 6 cm

  • Høgde midt framme: 29 cm

  • Høgde rygg: 37 cm

  • Breidde skulder: 10 cm

  • Høgde i side: 18 cm

  • Vidde i livet: 66 cm




English summary:

This green homespun wool (vadmål) bodice features a very narrow back—a style typical of 1890s folk dress fashion—achieved by pulling the side seams backward. It is trimmed with rose-patterned black velvet ribbons and plain velvet accents, reinforced inside with a wool patch, and lined around the front and neck with red-and-white checkered fabric. The side and shoulder seams are machine-stitched, while the remaining details are hand-sewn, and it closes at the waist with two sets of hooks and eyes.

Originating from Høviskeland or Håland, the garment belonged to Ingeborg Haaland (b. 1908) and was previously worn by her mother, Anna Malene (1876–1965), following her marriage in 1899. Although it may have also belonged to her grandmother, Ingeborg Malene (1846–1915), the overall cut most strongly aligns with the 1890s.

søndag 2. august 2026

Stor bringeklut med stråperler.

 

Stor bringeklut med stråperler på raudt ullstoff. Kvite, blå og gyldne stråperler samt store, gyldne perler dannar eit stort Andreaskors omkransa av fire åttebladstjerner, med eit halvt Andreaskross nedst.

To raude, smale felt på sidene – kan desse vera ettermonterte saman med eit nytt bakstykke? Øvst kan det også ha vore ei sikksakk-rad med stråperler. Det er pappinnlegg under perlefeltet. Kvarde av svart fløyelsband med rosemønster. Sidefelt i stripevove, lyseblå/blå/beige bomull. Bakstykke i stripe- og rutevove, tynt ullstoff. Bringekluten er i hovudsak montert med maskinsaum.

Mål

  • Raudt felt: 17,5 × 20 cm

  • Smale raude felt: 4 × 22 cm

  • Kvarde (breidde): 2,5 cm

  • Breidde øvst: 30 cm

  • Breidde nedst: 28 cm

  • Høgde: 33 cm



Er det denne bringekluten Ingeborg Malene Henriksdtr. Håland (1846–1915) har på seg? Det er i alle fall ein liknande bringeklut med stråperler. Ho vart gift i 1865 med Anders Jensson Nesse (1839–1921) (Drange b. 1 1986: 373). Ei dotter var Anna Malene (1876–1965), g. 1899 m. Johannes Høviskeland. Bringekluten er teken vare på av dottera til Anna, Ingeborg Håland (f. 1908), og dottera hennar, Reidun Myklebust, som har lånt meg både bringekluten og fotoet til registrering.

Ingeborg Malene har på seg stor Tysneshuve, silkesjal i halsen, klutatrøye, overliv truleg kanta med fløyelsband med rosemønster og kvite perlelisser, bringeklut med stråperler, vove mørkt forkle og eit – uvanleg for 1880–1890-åra – breitt perla belte med geometrisk mønster: ruter på kant og Andreaskors fletta i kvarandre.

English summary

This document details a historic Norwegian beaded chest piece (bringeklut) featuring white, blue, and golden bugle beads and large golden beads on red wool fabric. The central motif showcases a large St. Andrew’s cross framed by four eight-petal roses and a bottom half-cross. Backed with cardboard, the piece includes narrow side panels, a floral velvet neckband (kvarde), striped cotton side trims, and a thin wool backing assembled primarily by machine sewing.The item was preserved through four generations of the family of Ingeborg Malene Henriksdtr. Håland (1846–1915). She appears in a historical portrait wearing a remarkably similar bugle-beaded bringeklut alongside traditional Tysnes attire, including a large coif (Tysneshuve), jacket, silk neckerchief, and a notably wide beaded beltThis document details a historic Norwegian beaded chest piece (bringeklut) featuring white, blue, and golden bugle beads and large golden beads on red wool fabric. The central motif showcases a large St. Andrew’s cross framed by four eight-petal roses and a bottom half-cross. Backed with cardboard, the piece includes narrow side panels, a floral velvet neckband (kvarde), striped cotton side trims, and a thin wool backing assembled primarily by machine sewing.