Stor bringeklut med stråperler på raudt ullstoff. Kvite, blå og gyldne stråperler samt store, gyldne perler dannar eit stort Andreaskors omkransa av fire åttebladstjerner, med eit halvt Andreaskross nedst.
To raude, smale felt på sidene – kan desse vera ettermonterte saman med eit nytt bakstykke? Øvst kan det også ha vore ei sikksakk-rad med stråperler. Det er pappinnlegg under perlefeltet. Kvarde av svart fløyelsband med rosemønster. Sidefelt i stripevove, lyseblå/blå/beige bomull. Bakstykke i stripe- og rutevove, tynt ullstoff. Bringekluten er i hovudsak montert med maskinsaum.
Mål
Raudt felt: 17,5 × 20 cm
Smale raude felt: 4 × 22 cm
Kvarde (breidde): 2,5 cm
Breidde øvst: 30 cm
Breidde nedst: 28 cm
Høgde: 33 cm
Er det denne bringekluten Ingeborg Malene Henriksdtr. Håland (1846–1915) har på seg? Det er i alle fall ein liknande bringeklut med stråperler. Ho vart gift i 1865 med Anders Jensson Nesse (1839–1921) (Drange b. 1 1986: 373). Ei dotter var Anna Malene (1876–1965), g. 1899 m. Johannes Høviskeland. Bringekluten er teken vare på av dottera til Anna, Ingeborg Håland (f. 1908), og dottera hennar, Reidun Myklebust, som har lånt meg både bringekluten og fotoet til registrering.
Ingeborg Malene har på seg stor Tysneshuve, silkesjal i halsen, klutatrøye, overliv truleg kanta med fløyelsband med rosemønster og kvite perlelisser, bringeklut med stråperler, vove mørkt forkle og eit – uvanleg for 1880–1890-åra – breitt perla belte med geometrisk mønster: ruter på kant og Andreaskors fletta i kvarandre



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar