søndag 26. juli 2020

Grønt overliv med kvite perletaggar


Klassisk overliv i grønt ullstoff, kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, kvite perletaggar innanfor. Lukka med hekter og maljer. Liten valk i livet. Fôret av ubleika stoff i fiskebeinsmønster er lagt til for hand med mørk tråd. Heile overlivet verkar solid handsydd, og er ikkje omsydd. Sidesaumane er trekte litt bakover, men ryggen er ikkje så smal som den vart seinare. Overlivet er lenger enn dei gamle korte overliva med brei rygg. Uansett er dette eit fint døme på draktskikken på Tysnes mot slutten av 1800-talet. Evt. kan handsaumen tyda på datering så tidleg som kring 1870, men dette er usikkert.


Solid utført handsaum på vranga!



søndag 19. juli 2020

Ein uvanleg bringeklut!


Denne bringekluten er brodert på eit teljestoff i bomullskvalitet. Leggjesaum i blått ullgarn dannar bakgrunnen. Gjennomskinlege perler dannar eit motiv som liknar på ein tulipan. Bokstavane BR AD er brodert med perler. D står for dotter. Bringekluten er ikkje ferdig montert. Både bakstykke og kvarde øvst manglar. Alle sidefelta er av same stoff, det mest vanlege var at det nedste feltet var i eit anna stoff. Broderte initialer ser ein helst på dei eldste bringeklutane. Evt. kan det her vera snakk om ei ettermontering. Uansett er dette ein uvanleg bringeklut!



søndag 12. juli 2020

Overliv utan kvaring i halsen


Dette nette overlivet av raudt ullstoff er spesielt fint utført med handsaum. Fôr av ubleika bomull eller lin, hekter og maljer i livet. Overlevet er kanta med grøn silke (klyppt etter trådretninga) langs ermhol og framme, men ikkje i halsen, dette er uvanleg på Tysnes. Under ermane er det skøytt  på med svart fløyelsband med rosemønster. Perletaggar rundt ermholet, perlerad av småperler og stråperler framme og over skuldrene. Overlivet har brei rygg. Kvaring i hals og valkekanten i livet er av same stoff. Overlivet har både gamle trekk (grøn silkekant, brei rygg, liten valk og handsaum) og kanskje nyare, kreative trekk; perlerad framme og på skuldrene. Kan overlivet evt vera frå eit anna distrikt?


lørdag 4. juli 2020

Overliv med særpreg



Dette overlivet av raudt ullstoff har eit påskøytt stykke i livet og i sidene. Stykket nede er  sydd på med maskin på1960-talet, medan livet elles er handsydd. Brei rygg. Langs hals, framkantar og ermehol er det mønstra band, med breie sølvkniplingar innanfor. Band og knipling går saman under ermane, i motsetnad til på eldre overliv. Sølvkniplingar var vanleg på eldre, korte overliv, men kunne også bli brukt på nasjonaldraktliv.  V-forma halsringing er ikkje typisk. Fôr av ubleika lerret. Trykknappar til feste for stakk. Framme er det sydd på tre store maljer til snøring, desse er av nyare type. Overlivet verkar omsydd ein eller fleire gonger. Kan det vera ein type "nasjonalliv"? Uansett kunne dette staselege overlivet truleg hatt ein mangslungen historie å fortelja!