onsdag 6. desember 2023

Brosje

 



Perlebrodert brosje, truleg på eit linstoff. Heile framsida er overbrodert med gjennomskinlege, burgunderraude, kvite, blå, svarte og gyldne perler. Raud strie og brune kroklisser rundt. Øvst ei nål til å festa brosjen på eit plagg. Motiv er eit kors i midten og mange små kors rundt. Bakside av eit beige elastisk stoff med mønster av små rundingar. Diameter 7,5 cm. Kanskje brukt til motedrakt i overgang frå folkedrakt - rundt 1900?



lørdag 4. november 2023

Stakkalinning eller belte?

 

Dette har anten vore ei stakkalinning eller eit belte. Det er brodert på lin eller strie med grønt og raudt ullgarn i leggjesaum og korssting med motiv av gjennomskinlege perler, Andreaskors og ruter på kant. Raud sikksakk-bord langs eine langsida i klostersaum (?), fylt ut med blått. Merke etter tråklesting med brun lintråd langs andre sida. Bakstykke og lukking er fjerna. Lengde 72 cm, breidde 2,5 cm.



torsdag 26. oktober 2023

Laskatrøye for kvinner


Laskatrøye for kvinner av svart klede. Trøya er kvarda med tre cm breie fløyelsband langs hals, framme og på ermane. To laskar i kvar side, fint boga nede. Lengde midt framme er 70 cm, høgde under arm 57 cm, rygglende 74,5 cm, ryggbreidde 40 cm, skulder 18 cm, total vidde nede 348 cm, lengde liv til nede 35 cm, vidde erme 36/22 cm, lengde erme 61 cm, breidde ryggstykke 7 cm. Lukka med tre hekter/maljer i livet, ei ved handledd der det er ein seks cm lang splitt. Sydd for hand med svart lintråd. Fôr av rosa mønstra bomullsstoff i bolen, ubleika lerret i ermane. Fôret er lagt til for hand med lukka saumar, unnateke på laskar og ermehol der sårkantar viser og er kasta over. Laskatrøya var først og fremst eit inneplagg, til ytterplagg vart det gjerne brukt storsjal.



tirsdag 10. oktober 2023

Muffe?

 


Kan dette vera ei "muffe" til bunad? Eller kanskje ein prøvelapp som er blitt til ei brevmappe?Hardangersaum med perlegarn på "hardangersaumsstoff". Motiv er ein trekant i kvart hjørne og bokstavane KW i midten, sydde med primhol. Etter Kirsten Vattedal. W må stå for Watterdal. Ramme rundt av trinn med klostersaum. "Muffa" måler 17 x 17 cm, bakstykket har fôr av kvitt bomullsstoff. Montert med maskin.



mandag 2. oktober 2023

Kristnebleie eller dåpssmekke



Kristnebleie, også kalla dåpssmekke var ein mykje brukt dåpsskikk på Vestlandet. Ein la ein brodert duk over brystet på dåpsbarnet når ein heldt det fram til døypefonten. Det er ei smal, avstiva smekke utan knyteband, som var meint å leggja oppå barnet, frå halsen til føtene, utanpå reivene. Kristnebleia var dekorert med forskjellige symbol som skulle halda vonde maktar ute, og såleis vera til vern for barnet. Denne flotte handsydde dåpssmekka er 43 cm lang og 17/12,5 cm brei og har dekor på raudt ullstoff av blå, gull og kvite stråperler, supplert med kvite, oker og grøne småperler som formar mønster med åttebladsroser (står for det evige livet) og med små kors rundt. Kanta med to cm grøn silke og fôra med ubleika linstoff. Gullknipling på langsidene og nedst. Øvst eit breitt metallband på 4 x 15 cm. Smalare "gull- og sølvband" er lagt i to store Andreaskors. Slike vovne sølvband (galoner) er vaneg på eldre folkedraktplagg, og særleg på dåpssmekker. Det manglar perler nedst på dåpssmekka.

Om kristnebleie på lokalhistoriewiki


Kulturminnedagane 2023 ved Holdhus kyrkje
 

torsdag 17. august 2023

Hekla pung

 


Hekla pung i fastmasker og staver med mønster. 20 x 6,5 cm. Små metallperler er sydd på eller hekla inn. 1,5 cm metall roser og kuler i kvar ende. Opning 6 cm midt på. Lukka med to metallringar. Fargen er falma, har vore klar grøn (det viser inni pungen). Kan ha kome frå Fusa i siste halvdel av 1800-talet. Nydeleg utført handarbeid!

torsdag 27. juli 2023

Klokkelomme

 


Nydeleg hekla lita klokkelomme 5,5 x 12,5 cm. Det ser ut som om perlebroderiet er utført i lag med heklinga i ubleika bomullsgarn. Likt mønster framme og bak. Gule, grøne, blå, mjølkekvite, orange og kvite perler. Klokkelomma er heilt intakt, ingen lause perler eller andre teikn på slitasje.

mandag 3. juli 2023

Bomullsforkle frå tidleg på 1800-talet

 


Nydeleg handsydd forkle i brunt bomullsstoff med trykt mønster. Jare i kvar side. Smal fald nede sydd med små faldesting. Forkledet er 92,5 cm langt og 78 cm breitt. 1 cm brei og 33,5 lang linning av brosjert lakseraudt/lysraudt silke/band. Glatt parti midt framme på 10,2 cm, med 7 folder (br 1,3 - 1,8 cm) på kvar side som ligg mot det glatte partiet under linninga. Lengda på det over 200 år gamle forkledet tyder på at det er brukt i lag med kort overliv. Dette er eit unikt, godt bevart gammalt Tysnesplagg!



tirsdag 20. juni 2023

Bringeklut med Andreaskors


Bringekluten har perlebroderi på skråklipt grønt ullstoffl: Blå, kvte og gull stråperler samt småperler som dannar ein stor Andreaskross i midten og fleire åttebladsroser. Øvst sin raud kant (av silke eller fløyel) med små kvite perlerosettar. Blåmønstra sidefelt av bomullsstoff. Det  stormønstra feltet nedst, som også går over på bakstykket, kan evt. vera sekundært, for å gjera bringekluten lengre. Resten av bakstykket er av strie eller jute.



mandag 12. juni 2023

Bringeklut med namn

 '

Øvst er bringekluten kvarda med raudt ullstoff. Deretter ei strameibord med halve korssting i grønt som dannar bakgrunn for eit perlebrodert nonfigurativt mønster i kvitt, raudt, mørkblå og gyldne perler. Dette er omkransa av perle- sikksakk øvst og eit namn er perlebrodert nedst, begge med raudlege perler. Stripete bomullsstoff i sidefelta. Bakstykke av rutete bomullsstoff i marine, raudt og blått, dette dannar også ein kant på framsida. Svart ullfelt i midten. Som type er denne bringekluten "sein" fordi den er lang (passar til dei midjeside overliva, har strameibroderi (strameien kom hit i 1870-åra), og har asymmetrisk mønster, som kan henda kom med tyske mønsterblad dei siste ti-åra av 1800-talet. Det perlebroderte namnet er interessant.








torsdag 25. mai 2023

Seinare type bringeklut

 


Øvst har bringekluten ein svart fløyelskvarde med rosemønster med gullknipling over. 13,5 x 6 cm bord av  perlebroderi på stramei: Botnen er dekka av blå perler: Mønster av kvite, svarte, oker perler, samt ei perlerad i kvitt øvst og små kors i oker og kvite perler nedst. Motiv er ei  åttebladsrose i midten med Andreaskors på kvar side, og med fire ruter på kant. Smalt "gullband" øvst på det svarte midtfeltet av ullstoff (17 x 14 cm). Dei rosa/grå rutete sidefelta går 1,5 cm over på baksida. Baksidestoff av brunmønstra ullflanell, liknande stoff er å sjå på fleire bringeklutar. Bringekluten er 30 cm høg og 28 cm brei og er montert delvis med maskin. 









fredag 28. april 2023

Raud dåpshuve

 


Treblads dåpshuve av raudt stoff, truleg peau de pêche (imitert fløyelsvevnad av bomull). kanta med 1,5 cm breie fløyelsband med rosemønster. Framme er det sydd på ei 1,5 cm brei kvit "perlelisse". Dekor framme og på sidene av åttebladsroser av gyldne, kvite og blå stråperler, samt kvite perler. Bak ser det ut til å ha vore eit dobbeltkors. Kvit og grøn perledekor langs saumane. Vidde nede er 27 cm, vidde framme 31 cm, sidefelta måler omlag 11,5 x 11,5 cm. Midstykket er 22,5 cm langt, breidde bak er 6 cm, framme 8 cm og på toppen 10 cm. Merke etter plommeraude silkeband 1,5 cm breie, Fôr av naturfarga linstoff. Dåpshuva er frå 1860-åra. Gutehuvene var raude og jentehuvene blå eller helst grøne. Fyrste gong det vart brukt kvit dåpskjole i Uggdalskyrkja skal vera i slutten av 1870-åra.


   Perla dobbeltkors bak?



  Perlekant både framme og over saumane.


torsdag 13. april 2023

Nydeleg lita dåpshuve

 


Nydeleg lita treblads dåpshuve i fleirfarga silke med rutemønster med små firkantar inni, kanta med raude, mønstra silkeband. Hjørna framme er fint avrunda. Bak er huva kanta med raudmønstra bomullsstoff. Vifteforma gullknipling langs framkanten. Sølvband i kryss på toppen av huva skulle verna barnet. Huva er omlag 24 cm langs framkant og er sydd for hand med lintråd. Det kan ha vore knyteband av silke. Fôret er av naturfarga linlerret. 


  



søndag 2. april 2023

Eit annleis overliv



Kjekt å visa eit annleis overliv! Dette overlivet i plommeraud fløyel eller plysj er truleg frå slutten av 1800-talet, sidan det er meir figursydd enn dei eldre overliva, men utan tilbaketrekte sidesaumar. Men det har også eldre trekk. Overlivet er kanta med grøne silkeband med sikksakkmønster, med sølvkniplingar innanfor, kantinga går berre til omlag midt på framstykket, deretter er det kanta med bomullsband eller stoff. Fôr og stoff er kasta saman rundt ermane, uvisst kva band her har vore eller er tenkt. Livvidde omlag 65 cm. Overlivet verkar handsydd og har fôr av ubleika linlerret, samt skoning av lin i nakken. Lukka med hekte og malje i livet.




 




fredag 24. mars 2023

Bringeklut med Hardangerpreg

 



Bringekluten har perledekor av kvite, gull og blå stråperler og småperler: To åttebladsstjerner over kvarandre, med halve åttebladsstjerner rundt, alt montert på eit raudt ullstoff på 13,5 x 13,5 cm som er skøytt nede. Dette er sydd fast til eit tynt linstoff (23,5 x 21 cm) med leggsaum over ein mørk tråd. Ein liten kant av dette bakstykket er bretta fram. 4,5 cm svart fløyel øvst. Bringekluten har tydelege teikn på at den kan høyra til den eldre folkedrakttradisjonen; er kort, handmontert rett på linstoff og med leggsaum. Men den breie svarte fløyelskanten kan tyda på Hardanger, evt. er kanten sett på i ettertid, for å erstatta ein slitt kant. Eldre bringeklutar på Tysnes hadde ikkje så høg svart kant.

 


torsdag 9. mars 2023

Belte tettperla på stramei

 



Beltet er tettperla på stramei, alle perlene vender same vegen. Kvite åttebladsroser med svart inni. Kvite sikk-sakkar som dannar ruter på kant med blå, grøne, burgunderraude, gyldne og svarte perler inni. Kvit perlekant på begge langsider. Lengde 65 cm, breidde 3 cm. Bakstykket av rutete bomullsstoff er sauma fint til for hand. Dette beltet er truleg nyare enn det forrige, og har vel helst vore brukt til ein lokal variant av Hardangerbunad.

mandag 20. februar 2023

Perlebrodert belte

 


Beltet har perlebroderi på lerretsvove ullstoff med gjentakande mønster av blå åttebladsroser og greske kors, kan også sjåast som kløverbladkors. Det er perla med gule, bondeblå, mjølkekvite, kvite, gule/gyldne og svarte perler. I ei åttebladsrose er det raude perler i midten, dei andre har gule/gyldne perler. Mjølkekvit perlerad ytst. Kanta med fløyelsband med rosemønster i endane. Beltet har eit stivt innlegg av papir og lyst lerretsfôr, evt. av lin. Montert for hand. Trådrestar på langsidene kan tyda på at det har vore ein ekstra kant. Beltet er 4,3 cm breitt og 70 cm langt og er lukka med to par hekter/maljer.












søndag 5. februar 2023

Perlebrodert belte med applikasjonar




Beltet har applikasjonar og perlebroderi på raudt ullstoff/klede. Det er nytta stråperler (gull, mørkeblå og blanke) og småperler (kvite, svarte, blå og grøne). Beltet har tre gjentakande motiv: Stjerneforma applikasjon under eit dobbeltkors av mørkeblå stråperler, dobbelt Andreaskors, samt dobbelt kors med kvite rosettar inni og ei grøn perlerad ytst. Ei kvit, dobbel perlerad med taggar på begge langsider. Beltet er 4,5 cm breitt og 68 cm langt, medrekna 5,5 cm brei fløyel som broderiet er montert på. Perlene er sydd gjennom til bakstykket av lys blått/beige stripete bomullsstoff, har vore lukka med hekter og maljer og er montert for hand. Det er vanskeleg å tidfesta, kan ha vore brukt til nasjonalen, men det kan også vera eit eldre type belte. 




søndag 22. januar 2023

Høg bringeklut - moteprega

Høg bringeklut med forseggjort mønsterbord øvst: Raude korssting på stramei med tre åttebladsroser i blått garn, samt to firkantar på kant av blanke og svarte perler, eit vanleg symbol på Tysnes-bringeklutar. Same type perler inni åttebladsrosene. Fleire perleradar (taggar og krokarand) omkransar broderiet. Kvarde av svart fløyelsband med rosemønster. Grønt midtfelt i ullstoff. Smalstripete sidefelt. Det gule fôret viser på framsida. Heile bringekluten har innlegg av stivt stoff. Den innsvinga formen tyder på bruk frå rundt 1890 åra.

Breidde broderi: 14 cm
Høgde broderi: 5,3 cm
Høgde fløyelskvarde: 3 cm
Breidde grønt felt: 14 cm (13 cm nedst)
Høgde grønt felt: 19,5 cm
Total breidde øvst: 30,5 cm
Total breidde nedst: 21,5 cm
Total høgde: 30 cm
Bringekluten er montert for hand



            Firkantar på kant  eller valknutar - eller kanskje noko anna? Nokon som veit?


mandag 2. januar 2023

Med broderi på jute

 


Bringekluten har ei brodert bord, sydd på linstoff eller jute med tynn ulltråd. Klostersaum (?) Enkelte felt står opne, og dannar ein del av broderiet. Houdfarge er raudt, med innslag av lyseblått, gult, brunt og grønt. Motiv er tre store Andreas-kors og romber, omkransa av krunerand oppe og nede. Øvst eit svart fløyelsband med rosemønster. Svart ullstoff i midten.  Sidefelt av lysbrun rutete ullflanell, røft montert rett på det stripete baksidestoffet. Alt er sydd for hand. Eigar: Universitetsmuseet i Bergen.