søndag 17. april 2022

Perlebroderte selar


Desse selane er heilt overbroderte med perler. Det er truleg brodert på linstoff. Gjentakande rose- og bladmønster av grå, kvite, gule, lilla, grøne og blå perler. Botnen er fylt ut med burgunder perler. Raude og olivengrøne snorer er sydde i krossmønster på endestykka. Bakstykkestoff av ubleika lin, i endane ser det ut til å vera bomullsstoff. Tre cm lange knapphol på dei spisse endestykka. Selane er montert for hand og er 5,5 cm breie og 90 cm lange, medrekna  omlag  9 og 10 cm lange endestykke. Den gamle symbolbruken er borte og erstatta med nye former og mønster, med nytt innhald.







torsdag 7. april 2022

Barnebringeklut?

 

Liten bringeklut med perlenett montert på raudt stoff, truleg lin. Motiv er ei stor åttebladstjerne og romber av kvite, grøne, blå og oker perler. Kvite perletaggar rammar inn perlenettet. Øvst ein svart fløyelskvarde. Bakstykke av grovvevd ubleika bomullsstoff. Bringekluten er 15 cm høg og 17cm brei og er montert for hand.