onsdag 30. desember 2020

Grindvove band


Grindvove band i svart, blått og raudt ullgarn. Motiv er vekselsvis blå Andreas-krossar og raude hjarte som er sett saman til firbladsroser. Slike hjarte har ei magisk tyding, og står sjølvsagt også for kjærleik. Bandet måler 104 x 3,2 cm. Ettersom det er merke etter hekter/hemper kan dette ha vore ei stakkalinning. Her ser me rettsida øverst og vrangsida nederst.


søndag 27. desember 2020

Hardanger/nasjonalliv med smal rygg


Overlivet er kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, kvite perletaggar innanfor. Ein brei kant av raudt stoff i livet. Fôr av bomullslerret. Breidde rygg 33/14 cm (smalnar inn mot livet), høgde rygg 38 cm, skulderbreidde 10 cm og høgde i sida er 20 cm. Fløyelsbanda er sydd på med maskin. Typisk "nasjonalliv",  men med smal rygg slik dei siste Tysnesliva hadde.


onsdag 23. desember 2020

Perlevevd belte

Dette flotte perlevevde beltet måler 76 x 2,8 cm. Det er nytta kvite, oker, blå, mørkeblå eller svarte perler. Gjentakande motiv er åttebladsstjerner og Andreaskors med små firkantar inni. Fôr av raudt bomullsstoff. Beltet er lukka med to par hekter og maljer. Denne typen belte er blitt nytta til nyare bunadsbruk, til "nasjonalen". Men teknikken perlevev finn ein også som bord på enkelte eldre bringeklutar.

søndag 20. desember 2020

Klasssisk "nasjonalliv"


Klasssisk "nasjonalliv" i raudt ullstoff, montert med maskin. Kanta med svart fløyelsband med rosemønster og metallband innanfor. Fôr av bomullslerret. Brei rygg 27/36 cm. Høgde rygg 38,5 cm, skulderbreidde 11,5 cm og høgde i sida er 21 cm. Merke etter tre par hekter framme. Merk at dette overlivet ikkje har den smale ryggen som dei siste Tysnesliva i folkedrakttradisjonen hadde. Desse overliva er likevel ein del av historia vår, då folkedrakta vart erstatta av Hardangerbunad i form av "nasjonalen" og berre til høgtidsbruk.



søndag 13. desember 2020

Raudt lite overliv


Dette vesle overlivet av raudt ullstoff er kanta med omlag 2,5 cm brei svart fløyel. Eit smalt sølvband innanfor fløyelskanten langs halsen og framme. Ein liten kant av fôret av bomullslerret er bretta fram i livet. Heile plagget verkar handsydd. Overlivet har brei rygg (21,5 cm), høgde bak er 31,5 cm, vidde rundt livet 68 cm, skuldrene er 8 cm breie og høgde til snipp framme er 25 cm. Dette overlivet har både eldre (brei rygg, handsaum) og nyare trekk (smalt sølvband, kanting som går heilt saman under ermane). Dei nyaste trekka peiker mot at dette er eit "nasjonalliv".


søndag 6. desember 2020

Grønt koneliv utan fôr

 
Koneliv i kraftig ullstoff/vadmål, kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, eit stykke smalt kypertvevd svart band under ermane og framme. Rutete skoning/kant i livet. Ryggen smalnar av nede og er berre 11 cm brei i livet. Rygghøgde er 35 cm, skulderbreide 11 cm og høgde i sida er 17 cm. Overlivet er ufôra og har svart skoning av ullstoff på vranga rundt halsen og framme. To par hekter/maljer i livet. Overlivet verkar handsydd. - Dette overlivet liknar mykje det forrige, men er utan fôr og har heller ikkje perletaggar innanfor fløyelsbandet. Dette var heller ikkje vanleg når ullstoffet var så kraftig. På denne type overliv kan ein også sjå vevde band, desse kunne vera produsert lokalt, men kjøpeband var kan henda meir stas! Slike overliv med smal rygg representerer siste rest av den gamle folkedrakta på Tysnes, før ein gjekk over til lokale variantar av Hardangerbunad, eller "nasjonalen". På gamle foto frå særleg 1880-åra kan ein sjå slike overliv.