mandag 25. oktober 2021

Bringekluten med bokstavar


Bringekluten har tettsauma broderi på stramei 6 x 13,5 cm med tre åttebladsstjerner og to romber, perleborder og bokstavane KKDV under, alt sydd med blanke perler, men supplert med oker, raudt og blått garn, omframt botnen som er fylt ut med leggjesaum i grønt ullgarn. Det blå og svarte feltet med diagonale ruter og små åttebladsroser måler kan vera eit silkestoff. Blå/kvite sidefelt 3 x 20 cm. Øvst ei stripe med blålilla silke og eit svart fløyelsband med rosemønster. Bringekluten er montert med symaskin, direkte på det stripete baksidestoffet, som også er falda med maskin. Ytre mål er 28 cm x 22 cm. Bringekluten har den breie forma som var vanleg i periden med korte overliv, men er nok frå etter 1870, både på grunn av maskinsaumen og at det er brodert på stramei og ikkje lin.
 




torsdag 14. oktober 2021

Raud ermetrøye i bomullsstoff

                                       


Forseggjort klutatrøye i bomullsstoff, raud botn med svart stjernemønster. Under knapphola er det eit rutete belegg på omlag fire cm. Trøya er lukka med ti knappar/knapphol framme og ein knapp/knapphol på kvar mansjett. Trøya er maskinsydd og har smal rygg (11,5 cm i livet). Fôret av ubleika linlerret og det raude stoffet er sydd saman både i bol og ermar og saumane er kasta over for hand. Skråklipt kant 1 x 35 cm i hals. Dei vide ermane (21/22,5 cm) er sydde glatt til bolen, men lagt i legg til mansjettar som måler 19 x 3 cm. Vidde over brystet er 80 cm, livvidde 68 cm, rygghøgde 36 cm, høgde i sidene 18 cm, skulderbreidde 11 cm og ermane er 59/56 cm lange. Sekundært er det sydd to innsnitt for hand på 1,2 x 11 cm, 7- 8 cm frå framkantane. Slike ermetrøyer, som ofte var raudlege med mønster i, høyrer til den seinare perioden av folkedrakta. Ein kan sjå enkelte foto av kvinner i ermetrøye og (truleg) grønt overliv langt inn på 1900-talet.








torsdag 7. oktober 2021

Svart forkle med broderi



Dette handsydde forkleet har brodert mønster i grønt, lilla og blått. Teknikk er attersting og plattsaum. Stoffet er tynt ullstoff, truleg i satengbinding. Heil høgde er 78 cm, medrekna blonden på 7 cm. Breidde nede er 65 cm. I livet er det lagt tre folder (breidde omlag 2 cm) på kvar side ut frå eit glatt parti på 5 cm, breidde omlag 2 cm. Nede er det ein smal fald sydd med små faldesting, blonden er festa bak saumen. Den smale linninga på 18,5 cm er dekka av eit svart fløyelsband med rosemønster. Hekte i kvar side av linninga. -  Av og til dukkar det opp slike spanande plagg som liksom ikkje passar inn i folkedrakta. Her har det nok vore ei kreativ sjel som har laga sitt eige spesielle forkle!


Detalj av broderi som er mest like fint på vranga!