Dette handsydde forkleet har brodert mønster i grønt, lilla og blått. Teknikk er attersting og plattsaum. Stoffet er tynt ullstoff, truleg i satengbinding. Heil høgde er 78 cm, medrekna blonden på 7 cm. Breidde nede er 65 cm. I livet er det lagt tre folder (breidde omlag 2 cm) på kvar side ut frå eit glatt parti på 5 cm, breidde omlag 2 cm. Nede er det ein smal fald sydd med små faldesting, blonden er festa bak saumen. Den smale linninga på 18,5 cm er dekka av eit svart fløyelsband med rosemønster. Hekte i kvar side av linninga. - Av og til dukkar det opp slike spanande plagg som liksom ikkje passar inn i folkedrakta. Her har det nok vore ei kreativ sjel som har laga sitt eige spesielle forkle!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar