søndag 31. mai 2020

Bok om bringeklutar



Denne flotte boka om bringeklutar frå Smøyg forlag kom i posten hin dagen. Forfattar er Heidi Fossnes, redaktør for Magasinet Bunad, som også har gitt ut fleire bøker relatert til folkedrakt og bunad. Boka er rikt illustrert med foto og også med ein del instruksjonar. Femten sider omhandler bringeklutar frå Tysnes! Så til de som lurer på noko om bringeklutar: Dette er eit skattkammer!!

søndag 24. mai 2020

Velbrukt gammal bringeklut!


Dette har nok vore ein staseleg bringeklut til den gamle draktskikken med korte overliv, rundt 1850 eller før. Dessverre er den blitt mykje øydelagt, truleg av små gnagarar. Bringekluten har perlenett i kvitt, svart, grønt og oker og er montert på eit raudt plysjliknande stoff. Motiv er ei stor åttebladsrose inni ein rombe av kvite perler, svarte ytterst. Restar etter ein to cm brei blomstrete kvaring. Mellom kvaring og perlenett er det ein gull- eller sølvknipling. Bringekluten måler ca 27,5 x 22 cm og er montert for hand på ullstoff med mørkeblå striper. Det stripete ullstoffet kan vera same type stoff som tidlegare vart brukt i arbeidsklede i Holland, det kan tyda på import av stoffet.  Uansett må denne bringeklutan vera svært gammal.











fredag 15. mai 2020

Langt overliv med ringar til snøring



Typisk langt koneoverliv frå slutten av 1800-talet, men med tre par ringar til snøring. Slike ringar var mest brukt på tidlegare korte overliv. Stoff er tynt ullstoff/klede. Fôr (av ubleika lerret) og liv er sydd saman i lag med maskin på skuldrar og i ryggen. Fôret er bretta over på retta nede. Vidde rundt livet er 65 cm, rygghøgde er 39 cm. Sidesaumane er trekt bakover slik at ryggbreidda nede berre er 9 cm. Lukka med hekte/malje i livet. Overlivet er kanta med svarte band med rosemønster og smale metallband. Smale band under ermane og nede framme. Dette var ikkje berre for å spara på dei breie banda, men også mote.





søndag 10. mai 2020

Grønt overliv med perlerad



Dette grøne konelivet er typisk frå siste del av folkedraktperioden på slutten av 1800-talet, før kjolemote og "nasjonalen" tok over. Overlivet har ein liten valk av brunruta bomullsstoff, dette er ein rest etter store valkar som vart brukt på korte overliv til omlag midt på 1800-talet. Fôr av lysbrunt, glansa bomullsstoff. Fôr og liv sydd er saman kvar for seg, truleg med maskin. Raudruta skoning langs delar av hals/framme. Vidde rundt livet er 69 cm, rygghøgde er 37 cm. hø rygg 37 cm. Lukka med tre par hekter/maljer i livet. Sidesaumane er trekt bakover slik at ryggbreidda i livet berre er 10 cm. Overlivet er kanta med svarte silkeband med rosemønster og taggerad av kvite perler innanfor. Forseggjort overliv med fin handsaum av band og perlerad.




fredag 1. mai 2020

Bringeklut brodert på lin



Denne klassiske bringekluten måler 26 cm x  27 cm. Dekor av ullbroderi: Smøyg på lin i fargane raudt, grønt, blått og lilla. Geometriske former. Kvite korssting som dannar mange små krossar. Også kvite korssting rundt dei tre rombene med blå Andreaskors av korssting og gyldne perler inni. Kvit perlerad mot det svarte midtfeltet. Raudrosa mønstrete sidefelt som går litt over på baksida. Øverst er det eit svart fløyelsband med rosemønster. Ein fin detalj er ein liten småblomstra kvaring øvst bak på bringekluten. Bakstykke av brunt bomullsstoff i fiskebeinsmønster med striper. Bringekluten kan vera montert for hand. At det også er brodert på lin og ikkje stramei (som kom rundt 1870) kan tyda på at dette er ein tidleg bringeklut med bord oppe.

Detalj av bord oppe

Det er ein saum eller reparasjon midt på det stripete bakstykket