mandag 24. mai 2021

Bringeklut med store og små kors av stråperler

 

Bringekluten har perlebroderi på raudt, lerretsvove ullstoff 15 x 13/11 cm. Kvite, blå og gyldne stråperler, store blanke perler, samt små perler dannar eit stort gresk kors over eit Andreaskors og munnar ut i fire mindre greske kors. Svart fløyelsband med rosemønster og gullknipling øvst. Små- og storrutete sidefelt, det nedste er heller slurvete montert! Bringekluten er stiva opp med papp. Baksidestoff av brun/beige rutete bomullsstoff. Ytre mål er 22 x 24/21cm.  Bringekluten har høg form og skrår inn nedst, kan difor tidfestast frå siste tiår av 1800-talet. Evt. kan perlebroderiet vera eldre og remontert i ny form. 



tirsdag 18. mai 2021

Tysneshuve - svarthuve


Tysneshuve av tjukt ullstoff/vadmål, fint sydd og godt bevart. Huva er 38 cm brei og 34 cm høg og består av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke, fôra kvar for seg og så sydde saman slik at sårkantane (kasta over for hand) viser inni huva. Fôret i denne huva er av brungrått ullstoff i fiskebeinsmønster, men dette kunne variera mykje. Skråklipt kvit bomullslist er festa (under eit svart silkeband) i ansiktsopninga. Denne kvite lista (som kunne sprettast av og vaskast) var tidlegare av lin og til bestbruk, kan vera rest etter eit underlin på 50 x 50 cm som vart lagt over håret. Då vart det også brukt valk under huva. Nedst er huva kanta med fløyelsband med rosemønster, med eit raudt trekkband til å regulera vidda. Gifte kvinner hadde svart huve med svart kvaring og svart silkeband som vart lagt rundt huva og knytt i nakken. Dette huvebandet er 125 cm langt og 3 cm breitt og har ei hempe med påtredde perler i kvar ende. Det går historiar om at mønsteret til huvene vart laga ved at kona sette seg og huvemønsteret vart rissa etter baken. Og Tysnes-huene vart etter kvart store! Tysneshua, også kalla lurahuve, vart brukt av enkelte eldre kvinner til langt inn på 1900-talet, faktisk opp til 1940-åra. 




Huveband

Detalj av huveband

lørdag 8. mai 2021

Frodig bringeklut med flott bakside!


Dekor av perlebroderi på stramei. Kvite, grøne, oker og litt rosa perler dannar ei stor rombe i midten og to litt avkutta åttebladsroser. Ei smal bord med romber nedst. Vifteforma gullknipling nedanfor perlene. Raudt felt med ullstoff på 9 x 18 cm. Det fine perlebroderiet druknar litt i frodige fargar og stripete og stormønstrete sidefelt, men dette er ein bringeklut ein legg merke til! Bringekluten har ytre mål på 28 x 30,5 cm og er handmontert på baksidestoffet av stripete ullstoff, som også viser på sidene og nedst på bringekluten. Baksidestoffet er i ulike bindingar, kanskje stoffet er heimevove? Ein kan undra seg over kvifor åttebladsrosene er litt avkutta, har ein kanskje ikkje hatt meir perler, stoff eller tid? Type rosa stoff på kvar side av perlebroderiet går att på mange gamle plagg. Svarte fløyelsband med rosemønster ser ein på både eldre  og nyare bringeklutar.





lørdag 1. mai 2021

Bringeklut med kniplingar og stråperler


Øvst er bringekluten kvara med klassisk svart fløyelsband med rosemønster. Perlebroderi på raudt ullstoff av blå, kvite og gyldne stråperler, samt kvite småperler, store gyldne perler og korte stråperler. Motiv er ei heil og to halve 8-bladsroser og to Andreaskors. Gulknipling med viftemønster over og under perlefeltet. Flaskegrønt ullstoff i midten. Rutete og mønstrete sidefelt av bomullsstoff. Lyst baksidestoff med stripestruktur. Ytre mål er 27 x 32 cm. Bringekluten er montert med maskin og har eit stivt fyll (kan kjennest som vliselin) som heng godt saman med bakstykket. Bringekluten er av ein seinare type, brukt til lange overliv. Men kanskje kniplingane og perlebroderiet er frå tidlegare?