Bringekluten har perlebroderi på raudt, lerretsvove ullstoff 15 x 13/11 cm. Kvite, blå og gyldne stråperler, store blanke perler, samt små perler dannar eit stort gresk kors over eit Andreaskors og munnar ut i fire mindre greske kors. Svart fløyelsband med rosemønster og gullknipling øvst. Små- og storrutete sidefelt, det nedste er heller slurvete montert! Bringekluten er stiva opp med papp. Baksidestoff av brun/beige rutete bomullsstoff. Ytre mål er 22 x 24/21cm. Bringekluten har høg form og skrår inn nedst, kan difor tidfestast frå siste tiår av 1800-talet. Evt. kan perlebroderiet vera eldre og remontert i ny form.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar