tirsdag 18. mai 2021

Tysneshuve - svarthuve


Tysneshuve av tjukt ullstoff/vadmål, fint sydd og godt bevart. Huva er 38 cm brei og 34 cm høg og består av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke, fôra kvar for seg og så sydde saman slik at sårkantane (kasta over for hand) viser inni huva. Fôret i denne huva er av brungrått ullstoff i fiskebeinsmønster, men dette kunne variera mykje. Skråklipt kvit bomullslist er festa (under eit svart silkeband) i ansiktsopninga. Denne kvite lista (som kunne sprettast av og vaskast) var tidlegare av lin og til bestbruk, kan vera rest etter eit underlin på 50 x 50 cm som vart lagt over håret. Då vart det også brukt valk under huva. Nedst er huva kanta med fløyelsband med rosemønster, med eit raudt trekkband til å regulera vidda. Gifte kvinner hadde svart huve med svart kvaring og svart silkeband som vart lagt rundt huva og knytt i nakken. Dette huvebandet er 125 cm langt og 3 cm breitt og har ei hempe med påtredde perler i kvar ende. Det går historiar om at mønsteret til huvene vart laga ved at kona sette seg og huvemønsteret vart rissa etter baken. Og Tysnes-huene vart etter kvart store! Tysneshua, også kalla lurahuve, vart brukt av enkelte eldre kvinner til langt inn på 1900-talet, faktisk opp til 1940-åra. 




Huveband

Detalj av huveband

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar