lørdag 30. januar 2021

Grønt koneliv med fôr


Klassisk grønt koneliv kanta med svarte fløyelsband med rosemønster og kvite perletaggar innanfor. Band og perler går ikkje heilt saman under ermane, dette var også vanleg på eldre overliv enn dette. Fôret er lagt fint til for hand, og altså ikkje vrangsydd slik ein gjerne ville tenkt i dag. Nede er liv og fôr kasta saman, på tilsvarande overliv i ullstoff er det gjerne sydd på ein liten kant. Overlivet blir lukka med tre par hekter/maljer i livet. Som dei fleste andre eldre overliv er dette i liten storleik: Livvidde 64 cm, høgde midt bak 38 cm, skulderbreidde 11,5 cm, høgde i sida 20 cm og høgde framme til snipp 23 cm. Ryggen smalnar inn nede til 10 cm. 











 

mandag 25. januar 2021

Bringeklut med perlebroderi og raudruta sidefelt


Fint handmontert bringeklut. Den klassiske borda øverst har perlebroderi på stramei (7 x 14 cm). Motiv er to åttebladsstjerner med ei stor rombe (delt inn i fire små romber) i midten, innramma av to rader med små romber. Det er brukt kvite, blå, gyldne og svarte perler. Tre cm breitt svart fløyelsband med rosemønster øverst. Svart ullstoff (13,5 x 17,5 cm) nedanfor broderiet. Raudruta sidefelt. Litt uvanleg at det ikkje er ein kant av bomullsstoff nederst. Baksidestoff av ubleika, kypertvevd stoff (evt ull). Ytre mål er 28 x 28 cm. Ettersom det er brodert på stramei må bringekluten vera etter 1870.






 

torsdag 21. januar 2021

Bringeklut med krune- eller tulipanmotiv


Denne bringekluten har ei brei bord (7,6 x 14,5 cm) med korstyngsbroderi på stramei i raudt, grønt, lysegult, svart, samt blå-lilla botnfarge. Motiv er to grøne romber med Andreaskors inni og seks raude kruner - eller kanskje er det stiliserte tulipanar? Svart fløyelsband med rosemønster øverst. Felt av grønt ullstoff 14,5 x 17 cm nedanfor broderiet. Baksidestoffet av stormønstrete flanell er lagt fram på forsida to og tre cm. Fint montert med handsaum, evt. kan sidefelta av gammalrosa bomullsstoff vera sydd til med maskin. Fin liten detalj med lillamønstrete bomullsstoff bak fløyelsbandet. Ytre mål er 28 x 29,5 cm. Dersom teorien min om krunemotiv er rett er det tenkjeleg at dette kan ha samanheng med kampen om unionsoppløysinga kring 1900. Bringekluten har også ei form som var vanleg på slutten av 1800-talet.



lørdag 16. januar 2021

Grønt overliv utan fôr


Grønt koneliv i kraftig ullstoff, utan fôr. Kanta med vevde band med kvite perletaggar innanfor (unnateke ca 3 cm under ermane og 6 cm framme). Overlivet er skona på vranga med rutete, tynt bomullsstoff 4 cm breitt framme, og brunt bomullsstoff 2 cm breitt rundt halsen. Vidde i livet er 71 cm, rygghøgde 39 cm, skulderbreidde 11 cm, høgde i sida 19 cm og høgde framme til snipp er 30 cm. Ryggen smalnar inn nede til 7 cm i livet. Det verkar som slike liv i tjukt ullstoff/vadmål er utan fôr. Saumane er som her ofte lagt fint inntil og kasta over. Maskinsydd kant nede. Bandet er grindvove i raudt ullgarn, omlag 3 cm breitt med blå romber og grøne Andreas-kors. Blå og grøne striper på sidene og kvit kant. Ein rapport er omlag 3 cm. Sjå liknande vove band i forrige innlegg.











 

søndag 10. januar 2021

Grindvove band

 


Grindvove band i raudt og blått ullgarn. Motivet er innramma av blå striper på sidene, og med ein kvit bomullskant på eine sida. Motiv er romber og Andreaskors. Ein rapport er omlag 3,5cm lang. Heile bandet måler 3,9 x 190 cm. Det kan ha vore tenkt til kanting av overliv eller kanskje også til stakkalinning?

Bandet sett frå retta

Bandet sett frå vranga
   



torsdag 7. januar 2021

Bringeklut med perlevev


Fint handmontert bringeklut med ei bord av perlevev (4 x 14 cm) med stilisert bladmotiv: Blå perler i botnen, motivet er i ulike farga perler. Kvite perletaggar er sydd på nedanfor vevborda. Øverst ein kant av 2,5 cm raudt ullstoff, med eit tidstypisk sikksakk metallband over. Grønt felt av ullstoff 14 x 20 cm nedanfor perlevborda. Blå- og kvitruta sidefelt. Litt uvanleg at det ikkje er eit felt av bomullsstoff nederst. Ein kant av baksidestoffet i ubleika kraftig bomullsstoff viser framme. Ytre mål på bringekluten er 27 x 27 cm. Perlevev ser ein på enkelte bringeklutar, men det er meir vanleg med geometriske motiv. Motivet tyder på at dette er ein bringeklut frå slutten av 1800-talet.






 

søndag 3. januar 2021

Fargerik bringeklut


Fargerik, handmontert bringeklut frå siste del av 1800-talet. Borda med perlebroderi på stramei måler 6 x 13 cm. Det er sydd med blå, kvite, oker og svarte perler. Motiv er to halve og ei heil rombe i midten, med små romber inni dei store. Dette er innramma av to rader med burgunderraude, svarte og oker trekantar som dannar smale border. Sidefelt av paisley-mønstra bomullsstoff. Øverst ein kant av 2,5 cm raudt ullstoff med eit metallband over. Zic zac metallband nedanfor broderiet på felt av grøn fløyel som måler 15,5 x 13 cm. Slike metallband er typiske for denne tida. Baksidestoff av blå- og raudruta bomullsstoff. Ytre mål på bringekluten er 25,5 x 29 cm. 
Fint utført perlebroderi på stramei


Baksidestoffet er skøytt midt på

 

fredag 1. januar 2021

Nydeleg liten bringeklut med hjartemotiv


Nydeleg enkel liten bringeklut som truleg høyrer til den gamle draktskikken med korte overliv. Øverst ein kant av tre cm blå silke, dekka med ein vifteforma gullknipling. Midtfelt av raud ullbrokade 13 x 19/20 cm. Perlebrodert hjarta av gull, blå og blanke stråperler, samt kvite og blå småperler i ulike nyansar. Tre stjerner og små blå rosettar inni hjarta. Ytterst eit metallband. Rosa/lysstripete sidefelt. Baksidestoffet er i same stoff som sidefelta, det er skøytt nederst. Alt er handsydd. Bringekluten måler 29 x 21,5 cm.