søndag 7. juli 2024

Blomstrete bomullsforkle


 

Nydeleg forkle av tynt bomullsstoff: Rosemønster inndelt av striper med 12 heile og 2 halve rapportar à 5 og 4,5 cm. Heil høgd er 84 cm, breidde nedst 62 cm. Glatt parti midt framme på 14,5 cm med 6 folder opptil ein cm breie på kvar side, foldene vender bort frå midten. Linning av rosamønstrete bomull, ein cm brei og 25 cm lang som går ut i ein avkutta tamp på høgre sidea på 13,5 cm. Linninga er sydd fast med attersting og så bretta over til baksida og sydd fast med små sting. Jare i kvar side. Den smale falden nedst er også sydd for hand. 

søndag 23. juni 2024

Dåpshuve, truleg til gut

 

Tre-blads dåpshuve av raudt ullstoff kanta med svart fløyel og metallband. Framme ei åttebladrose av stråperler som strekkjer seg ut i ein Andreaskors. Åttebladroser på kvar side også. Saumane er dekka av ei remse perlenett av blå og kvite perler, ein del perler har falle av. Sidestykka måler ca. 10 x 10 cm. Framme er midstykket 9 cm breitt. Huva har fôr av gyldent stoff, truleg lin og har knyteband av silke. Dåpshuvene til gutar skal ha vore raude, medan jentehuvene var blå eller helst grøne.

søndag 9. juni 2024

Jaquardvove silkeforkle

 


Godt bevart jaquardvove silkeforkle. Svart i botn med raudlilla og grøne striper og rutemønster. Jare i begge sider, smal dobbelbretta kant nedst 0,4 cm. Faldelagt øvst, glatt parti i midten på 6,5 cm. Seks folder i kvar side, desse ligg framover mot midten. Linning av blått silkeband, sydd fast med prikkesting på retta, og bretta ned att på baksida like breitt og sydd til med faldesting. Lengde med linning 77,5 cm, breidde nedst 70,5 cm, Linninga måler 21 x1,8 cm. Etter Anna Oline Nedrevaage (1842-99). Dette forkledet er kopiert av Tyrihans og dei  marknadsfører det som Kari-forkle. 
Snitt, mål, saum er etter Digitalt museum, NBF2009-1204. Foto: Kari Aarbakke. 



mandag 27. mai 2024

Vove perlebelte

 



Det vovne perlebeltet er kanta med ei tvinna metallsnor på langsidene. Det er teke vare på ca. 7,5 m tilsvarande, men litt tjukkare tvinna metallsnor på ein "rull". Perlevev av kvite, blå, grøne, burgunder, blanke og svarte perler. Motiv er rapportar med stor åttebladrose og brei Andreaskors. Lukka med spenne med ein grøn og to raude steinar. Beltet måler 69 x 3 cm. Det er framleis små perlevevar i "gammal stil" å få kjøpt.


tirsdag 14. mai 2024

Fangband

 

Fangband med perlenett på raud ulldamask med gjentakande rapportar av kvitperla Ave Verum monogram som deler opp underlaget, fylt ut med oker og grøne perler som dannar små ruter og kors. Kanta med 7 mm blå silketaft, dekka av smal gull-lan på tre sider, samt kors av metallvove sølvband i den boga enden. 2,5 cm silke og sølvknipling i andre enden. Bakstykke av gult glansa bomullstoff med pappinnlegg. Fangbandet måler 7,5 x 75,5 cm. Fangbandet er gammalt og det er ikkje kjent kor mykje slike har vore brukt på Tysnes.

mandag 29. april 2024

Bringeklut med finsleg mønster



Ein heller beskeden bringeklut frå siste perioden med folkedrakt, men framleis rik på symbol. Broderi i raudt (botnfarge) og litt blått, svart og lilla, ullgarn i klostersaum på stramei 12,5 x 5 cm. Stinga går i to retningar. Sikksakk mønster delar opp heile underlaget, som eit Ave Verum monogram. Midt i broderiet ruter på kant med små valknutar inni. Valknuten må vera eit av dei eldste symbola, kjent over heile verda. Små blå kors øvst er heller ikkje tilfeldig. Kvarde av svart fløyelsband med blomemønster. Metallblonde øvst på midtfelt av kraftig grønt valka ullerret ca. 15 x 16,5 cm. Slik metallblonde er typisk for slutten av 1800-talet. Mønstertrykt bomullslerret i sidefelta. Sidefelt og bakstykke av lyst bomullslerret. Ytre mål er 23 x 27,5 cm. Bringekluten er montert for hand.




 

søndag 14. april 2024

Tysneshuve - konehuve

 



Tysneshuve av svart ullstoff. Hua består av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke, fôra kvar for seg med ubleika lerret (evt. lin) og så sydde saman med maskin slik at sårkantane viser inni huva. Breidde midt bak er 35 cm, høgde midt bak 33 cm. Dobbel skråklipt kvit bomullslist er festa under det svarte silkebandet i ansiktsopninga. Denne kvite lista (som kunne sprettast av og vaskast) var tidlegare av lin og til bestbruk, kan vera rest etter eit underlin på 50 x 50 cm som vart lagt over håret. Nedst er huva kanta med eit svart fløyelsband med rosemønster, det kan også ha vore eit trekkband til å regulera vidda. Gifte kvinner hadde svart huve med svart kvaring og svart silkeband som vart lagt rundt huva og knytt i nakken, men få slike huveband er bevarte. Ugifte kvinner hadde blå huver. Fløyelshuver var til stor stas. Det går historiar om at mønsteret til huvene vart laga ved at kona sette seg og huvemønsteret vart rissa etter baken, kan henda er det forklaringa på at huvene etter kvart vart store! Tysneshuva, også kalla lurahuve, vart brukt av enkelte eldre kvinner til langt inn på 1900-talet.

søndag 31. mars 2024

Silkesjal

Dette godt bevarte silkesjalet har plommefarga, blålilla og grøne striper som dannar eit fint rutemønster. Innvovne blomemotiv. Sjalet har jare på to sider og ein smal fald på dei to andre sidene der det er bretta inn ein halv cm som er sydd til med lange tråklesting. Fynser er knytt på to og to og er deretter knytt saman. Sjalet måler 66 x 63 cm, samt frynser på ca. 9 cm. Silkesjal var ein viktig del av folkedrakta og kan gjerne takast meir i bruk til bunad i dag! Kan henda har du eit silkesjal du kan ta fram til bunaden til 17. mai?



søndag 17. mars 2024

Laskatrøye


  

Handsydd, fint sauma laskatrøye av tynt svart ullstoff/klede. Spilesaum på dei to laskane (kilane) nedst på kvar side av ryggstykket. Trøya er kvarda (kanta) med tre cm breitt svart fløyelsband med rosemønster og er boga nede slik at ho blir sidare bak. Fôret av tynt, glansa ubleika lerret er staffert fint til nede. Lukka med tre hekter i livet. Trøya måler 70 cm midt bak og 61 cm framme til halssplitt. Armlengde er 59,5 cm og laskane er 31,5 cm lange. Ryggen er 36,5 cm brei, men berre 9 cm på det smalaste i livet, der laskane startar. Trøya kan verka skreddarsydd, ho er ikkje skøytt nokon plass eller omsydd, men står fram som ein heilskap. Trøye verkar lite brukt og er fint bevart. Laskatrøya var ikkje eit direkte ytterplagg, til det var gjerne brukt storsjal. Siste eigar av laskatrøya døydde barnlaus i 1970-åra.
Under: Nysydd laskatrøye med grønt bomullsfôr i bolen og kvarda med grønt silkestoff.

  


   





torsdag 7. mars 2024

Kristnebleie eller dåpssmekke

      

Staseleg kristnebleie, også kalla dåpsmekke med mange symbol. Dåpssmekka er kvarda med to cm brei grøn silke som er lagt tre mm over på vranga. Gullknipling 1,5 cm brei på langsidene og nedst. Eit metallband øvst på 4 x 15 cm. To  Andreaskors av gull- og sølvband,  2,3 cm breie. Slike vovne sølvband (galoner) lagt i kors er vanleg på eldre  dåps-smekker. Åttebladroser, Andreaskors  og greske kors av blå, gull og kvite stråperler, supplert med kvite, grøne og oker perler. Det manglar perler nedst på dåpssmekka. Bakstykke av ubleika linstoff. Alt er handsydd. Lengde 43 cm, breidde øvst 17 cm, breidde nedst 12,5 cm.

Les meir om kristnebleie på lokalhistoriewiki.no






mandag 19. februar 2024

Staseleg stakk

 


Stakk av mørkeblått tjukt klede, handsydd med lintråd og attersting. Av to stoffbreidder samt ei fangbreidde på 53 cm. Splitt i venstre side, lukka med hekte og malje. Striperynka i livet med brun lintråd, glatt stykke midt framme på 16 cm. Linning av raud/brun/kvit "hordalandsbore". Nedst kanta med 3,5 cm brei grøn silke og med ein smal metallknipling øvst, men ikkje på fangbreidda, truleg har eit forklede dekka dette feltet. Blå- og kvitrutete åtte cm brei skoning nedst som er skøytt saman av bomulls- og linlerret i samme mønster og fargar. Det tråkla legget nedst på stakken kan vera sekundært. Stakken har ei livvidde på 88 cm, er 88cm lang og har ei vidde nedst på 280 cm. Stakken som skal vera frå Amlandstø i Uggdal har fleire trekk som peiker bakover mot fyrste halvdel av 1800-talet, både når det gjeld snitt, saum og dekor. 


                             

søndag 4. februar 2024

Forkle med tyllbroderi og hekling


Nydeleg handsydd forkle av bomull, 88 cm høgt og 65 cm breitt. Brei løpegang oppe. Innfelt bord av tyll utfylt med broderi i tjukt bomullsgarn med åttebladroser og diagonalt rutemønster. Tyllbotnen er truleg knytt for hand. Holsaum både ovanfor og nedanfor tyllborda. Hekla bord med tungekant nede. At forkledet er handsydd og har løpegang oppe kan tyda på at det er eit eldre plagg. Heklekanten nedst er truleg sekundør, kanskje er forkledet blitt brukt til "nasjonalen".


onsdag 17. januar 2024

Smøyg eller klostersaum?

 



Spennande bringeklut med broderi med ullgarn på kanvasstoff med raudt som hovudfarge, elles er det sydd med lilla, lyseblått, oker og svart. Smøygteknikk, kan henda med islett av klostersaum, dette er vanskeleg å vurdera fordi ein ikkje ser vranga. Nokre felt er opne og dannar ein del av broderiet. Heile feltet er oppdelt av Andreaskors som dannar romber med breie korsformer inni. Motivet kan også sjåast som ei raud not. Bord øvst med ruter på kant og kors, samt ei rad med raud sikksakk. Broderistoffet er bretta inn og sydd fast med små kastesting til bakstykket av ubleika kypertvove bomullsstoff. Øvst kvarde av svart fløyelsband med rosemønster. Ytre mål er 25 x 17,5 cm