lørdag 28. mars 2026

Påkosta grønt overliv

 

Eit litt uvanleg overliv, frå Uggdal eller Reksteren. Stoffet er eit "laustvove" grønt ullstoff i kypertbindinding, med svarte roser i geometrisk mønster. Det er kanta med 2 cm breie gammalrosa silkeband med gule roser og grøne blad. Gullknipling rundt eine armholet, to gullkniplingar på kvar skulder. Ein 8 cm skøyt nedst på høgre framstykke med stoffet i motsett retning. Fôret av ubleika lerret er bretta over til retta i livet. Merke etter 6 par ringar/maljer. Mål: Breidde rygg 14 cm, høgde rygg 42 cm, høgde framkant 32 cm, skulder 13,5 cm. Dette kan vera liv i ein overgangsfase; stoffet kan vera eldre, men snittet peiker framover i tid. Kan henda er dette stoff som ein sjømann har bringa med seg heim?




søndag 22. mars 2026

Overliv i silke

 

Overlvet, truleg av brosjert silke, med rosemønster i raudt, rosa, gult og kvitt på grøn botn, er kanta med 2,5 cm brei raud silke og sølvkniplingar langs armhol, hals og framkant, samt breie sølvkniplingar på skuldrene. Stoffet er skøytt fleire stadar nedst. Fôret av brunt bomullsstoff er bretta 1,2 cm over til retta i livet. Valken (ca 3 cm i diameter) er delvis løsna frå livet. Merke etter tre par hekter/maljer i livet. Mål: Breidde rygg 16 cm, høgde rygg 36 cm, høgde forkant 32 cm, skulder 13 cm. Dette kan vera liv i ein overgangsfase; stoffet kan vera eldre, men snittet med smal rygg og litt langt liv peiker framover. 



søndag 15. mars 2026

Bringeklut med brei perlevev

Bringekluten har dekor av perlevev (13,5 x 11 cm) med avkutta" spiss. Det er vove med kvite, svarte, oker og mørkegrøne perler, truleg med svart tråd i innslag. Motiv er små og store åttebladroser, ein stor rombe deler opp flata. Kvarde av raudt stoff (truleg peau de pêche), 4,5 cm høg og 15,5 cm brei. Kvit perlelisse øvst som peiker oppover. Blomstrete sidefelt, stripete ytst. Montert for hand. Bakstykke av brunmønstrete flanell eller liknande, denne type stoff går att på fleire bringeklutar. Høgde 24 cm, breidde 26 cm.

Til perleveving kan ein bruka ein liten perlevev eller rett og slett ei fjøl! Renninga må vera sterk og ein vev med ei lang nål og tråd med småperler på. Perlene blir trykte opp på plass mellom renningstrådane, og så trær ein nåla gjennom kvar perle på oversida av renninga. Breidda på perleveven er her ei utfordring! - Perlevovne arbeid byggjer mindre enn perler på stramei og perlene blir liggjande beint på trådretninga. Perleveving skal ha blitt vanleg kring 1850, og var mest brukt i ytre Midthordland og Nordhordland, men me finn døme på dette på Tysnes også, både som bringeklutar og belte. 



søndag 8. mars 2026

Bringeklut med bord av perlenett.

    
      

Først og fremst takk til alle nye følgjarar på Facebook (Folkedraktplagg frå Tysnes) som er ein kortversjon av denne bloggen! Det er veldig stas at bloggen blir brukt og lesen! Legg gjerne att ein kommentar her på bloggen også!

Her eit lite plagg på Kvinnedagen 8. mars: 

Denne nydelege bringekluten med band, perlenett, gullknipling kan fortelja mykje kvinnehistorie: Eit 5,5 cm høgt perlenett av kvite, grøne og gule perler som viser eit Ave Verum monogram med små kors i midten. Ein 2,3 cm høg kvarde av svart fløyelsband med rosemønster, kroklisse nedanfor. Gullknipling øvst på raudt felt av peau de pêche som måler 10,5 cm x 13 cm. Det er brukt ulike bomullsstoff som innramming for perlenettet. Bakstykke av rutevove brunt/blått bomullsstoff, dette viser også som ein kant framme. Montert for hand. Mål: Høgde 28 cm, breidde 26.5 cm. Kan henda det er denne bringekluten Regina Hansdtr. Bakke (1816 - 1897) har på seg?

                                              












søndag 1. mars 2026

Brei og kort bringeklut, eldre type

Brei, kort bringeklut med eit 11 cm høgt og 13 cm breitt perlenett montert på eit 15 cm breitt og 12,5 cm høgt raudt ullstoff i toskaftsbinding, dette er sydd fast med leggsaum til eit kypertvove bomullsstoff med grøne, loddrette striper. Perlenettet av kvite, grøne og oker perler er rakna ut i midten, kanskje desse perlene er blitt nytta i ein annan bringeklut eller belte? Motiv er ein stor rombe på kant, oppdelt av ein Andreaskors til fire mindre rombar, med små Andreaskors inni. Øvst ein 3,5 cm høg kvarde av svart silkeband med lakserosa mønster, samt ein smal raud kant som også viser på baksida. Innlegg i midten og bakside av eit strieliknande stoff. Mål: Total breidde 31 cm. Total høgde 19,5 cm. Montert for hand med lintråd. Første kjende eigar var Abelona Madsdotter Tegland (1850 - 1901), men bringekluten kan også vera frå ein generasjon før.