søndag 11. august 2019

Bringeklut med småmønstra sidefelt


Bringekluten har silkeband øvst med sølvblonde utanpå. Midtfeltet i raudt ullstoff på 15 x 15 cm har dekor av åttebladsroser av kvite, blå og gull stråperler, samt perler i kvitt, blått, gult og store i "sølv". Til saman dannar mønsteret eit Adreaskors (kvitt) og eit gresk kross (blått). Bringekluten har småmønnstra blå/lilla sidefelt på kvit botn. Bakstykket er av stripete bomullsstoff med blomar. Bringekluten kan vera montert for hand og er truleg frå overgangen til lengre overliv.😊




Svarthuve -Tysnes - huve


Denne handsydde konehuva frå Tysnes er laga av svart ullstoff og fôra med ubleika bomullsstoff, begge kypertvevd. Bak er det ein 26 cm lang løpegang med ei tynn snor til å knyta i nakken. Det runde bakstykket er flatt oppe, breidde 37 cm og høgde 34 cm. Framstykket er fasongskore. Ullstoff og fôr er sydd saman med atterstyng, sårkanten er ikkje kasta over. På vranga i andletsopninga er det eit skråklyppt ullstoff 40 x 4 cm, samt eit stivt stoff under det. Eit to cm breitt silkeband viser på retta. Over framkanten vart det lagt eit om lag 130 cm langt svart silkeband som vart knytt bak, men dette er ikkje bevart med huva. Tysnes-huva vart også kalla lurehuve!😊



fredag 2. august 2019

Svarthuve i mørk blå fløyel





Denne godt bevarte, handsydde huva skil seg ut frå "normalen" ved at det er svart band på blå huve - på jentehuver (for ugifte kvinner) brukte det vera blå/lilla band. Framstykket er heller ikkje fôra, huva blir såleis meir lapsete. Bakstykket er nesten rundt (31 x 30 cm), framstykket er fasongskore.  Fløyel og det gule bomullsfôret er sydd saman  med atterstyng, sårkanten er ikkje kasta over. Framme er huva kanta på vranga med skråklyppt brunt dobbelt ullstoff. Svart silkeband på retta. Nede er huva kanta med eit smalt roseband. Løpegang med tynn snor til å knyta i nakken. Fløyelshuver var til stor stas, dette var nok inga kvardagshuve!😊