Raudt overliv i kypertvove ullstoff med grindvovne band. Dette er ein seinare type overliv med smal rygg der sidesaumane er trekte bakover. Dei maskinsydde saumane er bretta til begge sider, men ikkje kasta over.
Dei grindvovne plukkbanda er sydde på for hand langs kanten, men med maskinsaum ytst. Banda har motiv av fireblada roser og romber med «bein» i blått ullgarn, ei svart linje i midten og kvit lintråd i botnen. Det heile er ramma inn av raude, gule, grøne, svarte og blå striper i ullgarn.
Denne typen overliv er som oftast utan fôr. Det har likevel skoning framme (5 cm) og rundt halsen (3 cm) i tre ulike typar rutevove bomullsstoff, i tillegg til ein firkant av grønt ullstoff (5 × 5 cm) bak snippen. Nede i livet finn me også ein smal kant av rutevove bomullsstoff, og framme er det ein smal, 5 cm lang kant av svart fløyel.
Overlivet vert lukka med tre hektepar i livet, og har elles fire hekter til å festa stakken i.
Mål:
Breidde band: 2,5 cm
Høgde rygg: 35,5 cm
Breidde rygg: 33 cm
Breidde rygg i livet: 7,5 cm
Breidde skulder: 13 cm
Høgde side: 18 cm
Høgde framme: 28 cm
Vidde liv: 68 cm
English summary:
Material and Design: A red bodice (overliv) made of twill-woven wool fabric featuring inkle-woven bands. This represents a later style of bodice featuring a narrow back with side seams pulled backward. The machine-stitched seams are folded to both sides, but are not overcast.
Bands: The inkle-woven (grindvovne) pick-up bands are hand-sewn along the edges with machine stitching on the outermost side. They feature a blue wool-yarn motif of four-petal roses and rombs with "legs," a central black line, and a white linen thread background. The entire design is framed by red, yellow, green, black, and blue wool-yarn stripes.
Bodice Construction: This type of bodice (overliv) is typically unlined. However, it features facings at the front (5 cm) and around the neckline (3 cm) made from three different types of check-woven cotton fabric, along with a 5×5 cm green wool square behind the collar point (snipp). A narrow border of check-woven cotton runs along the bottom waistline, accompanied by a narrow 5 cm strip of black velvet at the front.
Fastenings: The bodice is closed with three pairs of hooks at the waist, and otherwise has four hooks for attaching the skirt."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar