Denne vesle prøvelappen i tynt kvitt linstoff på 23 x 31 cm frå 1887 viser saumteknikkar som me finn att på gamle plagg:
Hemper på rett saum og i hjørne
Handsydd knapphol med regels i eine enden
Isying av knapp og hektepar
Rader med attersting og uttrekkssaum
Innersaum
Saum med attersting som er bretta ned på begge sider og sydd til med kastesting
Ulike metodar for lapping
Bokstavar med korssting og årstal med kontursting
Smal fald rundt tre sider, ein 3,7 cm brei fald med holfald øvst
Det er interessant når det står årstal på ein tekstil, og ut frå året 1887 er det ikkje usannsynleg at prøvelappen er laga på Undarheim jenteskule.
Jenteskulen på Undarheim gard, som ligg på Husnes i Kvinnherad, vart vedteken oppretta av fylkestinget i 1879 og starta opp i mars 1880. Skulen vart driven i eit par tiår fram til han vart nedlagd i 1900.
Det var eigarane av garden, Christoffer Hoelfeldt-Lund og kona Marie, som var styrarfolk for skulen – ein skule dei styrde med myndig hand. Elevane fekk praktisk opplæring i hus- og matstell og vanleg gardsarbeid. Teorifag var norsk, rekning, geografi, historie og helselære. Lund sjølv underviste i jordbruksfag og helselære, og fru Lund i kjøkenstell og matlaging. Marta Skår frå Øystese var vevlærar, og Ingeleiv Utne, søster til fru Lund, var handarbeidslærar. Elles var det mange lærarar innom skulen. I dei første åra låg elevtalet på 20–25 elevar. Bestemor mi, Marie Nerhus (g. Heggland) (1877–1956), gjekk på denne skulen på 1890-talet.
Etter at Hoelfeldt-Lund var død, tok den eldste sonen med same namn over garden. Han var ingeniør og hadde mange oppdrag i utlandet. Garden vart pakta vekk.
I dag er den historiske garden eigd av Sør-Norge Aluminium AS, som har restaurert huset og nyttar det til ulike kulturtilskipingar. Garden, som opphavleg er frå 1824, står i dag fram som eit særmerkt innslag i den moderne industritettstaden Husnes.
Dei som er interesserte, kan finna meir om denne skulen i Kvinnhersminne IV (1988), der Eldbjørg Døssland skriv om skulen, og i band 4 av Kvinnherad Gards- og ættesoga (1991) av Erling Vaage, samt Wikipedia.
English Summary:
This small test swatch of thin white linen fabric measuring 23 x 31 cm from 1887 demonstrates various sewing techniques commonly found on historical garments:
Loops on straight seams and corners
Hand-sewn buttonholes with a bar tack at one end
Attachment of buttons and hook-and-eye closures
Rows of backstitch and pulled-thread work (uttrekkssaum)
Inner seams
Seams sewn with backstitch, folded down on both sides, and secured with whipstitch (kastesting)
Different mending and patching methods
Cross-stitched lettering and a year embroidered in stem stitch (kontursting)
A narrow hem along three sides and a 3.7 cm wide hem featuring a hemstitch (holfald) at the top
Having a specific date embroidered on a textile provides valuable historical context. Based on the year 1887, it is very likely that this sampler was crafted at Undarheim Girls' School.
History of Undarheim Girls' School
The girls' school—located at Undarheim estate in Husnes, Kvinnherad—was approved by the county council (fylkestinget) in 1879 and opened in March 1880. The institution operated for two decades before closing in 1900.
The school was firmly managed by the estate owners, Christoffer Hoelfeldt-Lund and his wife Marie. Students received practical instruction in home economics, cooking, and general farm work. Theoretical subjects included Norwegian, arithmetic, geography, history, and health studies. Several teachers were also employed over time. In its early years, student enrollment averaged between 20 and 25 pupils. The author's grandmother, Marie Nerhus (later Heggland, 1877–1956), attended the school during the 1890s.
Later History and Present Day
Today, the historic estate—originally built in 1824—is owned by Sør-Norge Aluminium AS. The company restored the property and uses it for cultural events, making it a prominent historical feature within the modern industrial town of Husnes.
For further reading, detailed information about the school can be found in Kvinnhersminne IV (1988) written by Eldbjørg Døssland, Volume 4 of Kvinnherad Gards- og ættesoga (1991) by Erling Vaage, and Wikipedia.Would you like any additional information translated, or would you like to explore specific sewing terminology used in the text?


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar