Denne bringekluten er brodert med korsstyng (i grønt, oker og svart) og kvite holbeinstyng på raudt linstoff som er 14,5 cm breitt og 13,5 cm høgt. Motiv er romber og 8-bladstjerner. Rad med små 8-bladsstjerner øverst. Truleg brodert med lingarn. Det raude stoffet er sydd fast til eit kraftig ubleika linstoff på 16 x 19 cm med ubleika tråd og kastestyng. Grøn fløyel øverst, det kan evt også ha vore ein dekor mellom fløyel og broderi.
Nok ein fin bringeklut frå Årbakka, som også kan stamma frå Lunde eller Heie i Uggdal. Svært gammal bringeklut, dette ser ein på form (firkanta), symåte og materialval (lin).