Sjølv om denne bringekluten har flott dekor av stråperler (kvite, blå, gull og sølv) montert på raudt ullstoff, er dette ein mindre arbeidskrevande perleteknikk. Motiv er åttebladsstjerner omkransa av kors/stjerner. Øverst ein gullknipling med viftemønster, montert over eit svart fløyelsband med rosemønster. Mellom det raude og mørkgrøne ullstoffet er det eit smalt metall "gullband". Perlebroderiet er ganske slitt, det kan kanskje ha vore brukt på ein kortare, eldre bringeklut. Montering av sidefelta av orange bomullsstoff med svarte prikkar er utført med litt røff maskinsaum. At alle sidefelta er av same stoff kan også tyda på remontering. Den smale typen metallband er heller ikkje vanleg på dei eldste bringeklutane. Baksidestoff av ubleika bomullslerret. Uansett ein flott bringeklut som kan ha hatt ein mangslungen historie!
søndag 30. august 2020
torsdag 27. august 2020
Vakker og velbrukt bringeklut
Denne fargeglade
bringekluten har perler montert på raudt, kypertvove ullstoff, som er smuldra
mykje opp. Eit papir-innlegg viser bak det raude stoffet. Kvite, blå og gyldne
stråperler, samt blå, kvite og store gyldne perler dannar eit gresk kors over
eit Andreaskors. Kvite stråperler øvst dannar ein sikksakk, med små blå perler
imellom. Kvarde av svart fløyelsband med blomemønster og ein gullknipling over.
Kan henda er bringekluten montert på nytt. At det er brukt det same blå
bomullsstoffet med kvite prikkar både på sidekantar og bakstykke kan gjerne
tyda på det, dessutan var det vanleg at sidefeltet nede var av eit anna
stoff.
søndag 16. august 2020
Påkosta langt overliv med smal rygg
Påkosta langt overliv med smal rygg. Dette er eit "nasjonalliv", men også prega av eldre symåte med eit belegg (blått med kvite prikkar) under snippen. Heile overlivet verkar handsydd. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster og smale metallband innanfor. Banda går heilt saman under ermane, i motsetnad til det som var vanleg på tidlegare overliv. Framme er det skøytt på med svarte smale band. I livet er stoff og fôr sydd saman med kastestyng. To par hekter/maljer i livet. Fôr av lyst, stripete bomullsstoff, ubleika stoff i ryggen. Under snippen er det trykknappar til feste for bringeklut, desse kan evt vera sydd på seinare.
søndag 9. august 2020
Bringeklut med perlenett
Bringekluten har perlenett av kvite, bondeblå, oker og grøne perler, montert på raudt ullstoff. Motiv er fire heile og fire halve romber, med Andreaskors som deler opp rombene. Bringekluten er kanta med eit blått, skinande stoff, dette er truleg sekundært, også fordi den typiske borda øverst manglar. Det mønstra bomullsstoffet nederst verkar derimot originalt, og det er sydd på for hand. Fôret er av kypertvevd ubleika lerret. Kan evt vera sydd om til barnebringeklut, med trykknappar til å festa bringekluten inni overlivet. Uansett eit flott lite plagg som kan ha vore i bruk lenge.
mandag 3. august 2020
Flott bringeklut med stråperler
Denne flotte bringekluten har dekor av kvite, blå og gull stråperler, samt småperler, montert på raudt ullstoff. Motiv er ein stor Andreaskors omkransa av mindre åttebladsstjerner og små kors og rosettar. Øverst ein gullknipling med viftemønster, montert over eit svart fløyelsband med rosemønster. Sidefelt av rosamønstra bomullsstoff, det same stoffet finn ein også i ei klutatrøye frå Tysnes. Bakstykke av kypertvevd ubleika lerret. Montering er delvis gjort med maskin. Evt kan bringekluten vera remontert, men det er vanskeleg å sjå. Bringekluten er i god stand, men enkelte perler har løsna.
Abonner på:
Innlegg (Atom)